Ny vallov - meir makt til veljarane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.03.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa foreslo endringar til fordel for veljarane da forslaget til ny vallov blei lagt fram fredag.
Pressemelding
Nr.: 17/2002
Dato: 15.03.2002
Ny vallov – meir makt til veljarane
Veljarane avgjer fordelinga av representantplassane mellom partia. Partia fastset kven som skal veljast til representantar. Dette har vore hovudtrekka i arbeidsdelinga mellom veljarar og parti. Regjeringa foreslår endringar til fordel for veljarane når forslaget til ny vallov blir lagt fram i dag.
I forslaget skal kandidatar som får personrøyster på 8 prosent av røystesetlane ved stortingsval og fylkestingsval gå føre kandidatar som partiet har plassert høgre oppe på lista. Ved kommunestyreval skal partia få reduserte moglegheiter til å styre kandidatkåringa gjennom førehandskumulering. Det skal òg vere like reglar for rettingar på røystesetlane ved alle val. Veljarane skal kunne gje personrøyster til kandidatane ved å sette eit merke ved namnet.
- Eg håpar at fleire vil nytte retten til å endre på røystesetelen når reglane blir enklare og det blir lettare å påverke resultatet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Regjeringa støttar òg eit framlegg om endring i Grunnlova som inneber at det ikkje lenger skal stå i Grunnlova kor mange stortingsmandat kvart fylke skal ha. I staden bør Grunnlova fastsetje ein reknemetode og fordelinga justerast i takt med endringar i folketal og busettingsmønster. Det finst fleire ulike forslag til reknemetodar. Regjeringa tek ikkje stilling til desse metodane. I slike spørsmål er det viktig med ein open diskusjon i Stortinget.
Statsrådens lysark på
pressekonferansen 15. mars 2002
PowerPoint-format