Nye burettslover med betre rettar for andelseigarane og med forbod mot diskriminering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.12.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa foreslår at både bustadoppføringslova og avhendingslova skal gjelde ved sal av andelar. Ei viktig endring i forslaget er at no skal alle burettslagsandelar, og rettar knytt til desse, kunne registrerast i grunnboka.
Pressemelding
Nr.: 139/2002
Dato: 20.12.2002
Nye burettslover med betre rettar for andelseigarane og med forbod mot diskriminering
Regjeringa foreslår lovendringar som vil gi andelseigarane i burettslag eit betre rettsvern ved kjøp av bustad. Dessutan skal no andelane registrerast i grunnboka. Andelseigarane vil også stå friare etter dette forslaget gjennom at uoppseielege avtalar om forretningsførsel likevel kan seiast opp. Regjeringa ønskjer i tillegg ein diskrimineringsparagraf i alle bustadlovene.
- Regjeringa foreslår at både bustadoppføringslova og avhendingslova skal gjelde ved sal av andelar. Då vil interessene til brukarane blir betra vesentleg, seier statsråd Erna Solberg.
- Ei viktig endring i forslaget er at no skal alle burettslagsandelar, og rettar knytt til desse, kunne registrerast i grunnboka, seier statsråden. - Det vil seie at alt som har å gjere med rettar i fast eigedom, vil vere å finne på same staden. Dette vil gjere det mykje lettare for folk å finne fram til mellom anna pant, overføringar og andre rettar i andelane.
- Det er nytt at ein tidlegare uoppseieleg avtale om forretningsførsel skal kunne seiast opp, fortel statsråden. – Mange avtalar mellom bustadbyggjelag og burettslag var lenge uoppseielege, men etter forslaget kan desse avtalane mellom anna avsluttast ti år etter at burettslaget er blitt stifta. Dersom eit burettslag er misnøgd med forretningsførselen til eit bustadbyggjelag, vil no burettslaget kunne finne ein annan til å gjere jobben. Dette skapar større konkurranse mellom bustadbyggjelag og andre forretningsførarar, og brukarane kan då få betre tenester.
- Dei to nye lovene vil gjere det enklare både å vere andelseigar i bustadbyggjelag og vere eigar av bustader i burettslag, seier Solberg. - Ordninga med to lover, ei for bustadbyggjelag og ei for burettslag, blir vidareført, som i dag, men lovene er i stor grad samordna med lov om eigarseksjonssameige. Det vil framleis vere klare forskjellar på lovverket rundt ein burettslagsbustad og ein sjølveigarbustad. Framleis vil til dømes styret i eit burettslag ha meir å seie enn styret i eit sameige. Og framleis vil sjølveigarar ha betre høve til å leige ut bustaden, sjølv om denne retten blir utvida for andelseigarar i burettslag. Dei forskjellane som framleis er der, bør etter mitt syn vere der, slik at det særmerkte i dei to buformene blir haldne oppe, seier Solberg.
I framtida kan burettslaget fritt avgjere om ein vil innføre forkjøpsrett, og kven som skal ha slik forkjøpsrett. Ved sal til nærståande kan forkjøpsretten ikkje nyttast.
- I alle bustadlovene – burettslagslova, lov om bustadbyggjelag, husleigelova eigarseksjonslova – vil det bli lagt inn ein diskrimineringsparagraf som vil setje forbod mot å diskriminere, held statsråden fram. - Dette vil gjelde i forhold til truvedkjenning, hudfarge, språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil legning, leveform eller orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som ein sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar, seksjonseigar eller leigar i eit husleigeforhold.