Historisk arkiv

Omstilling av forsvarskommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det er delegert fullmakt til fylkeskommunane slik at dei i samråd med kommunane og regionane som blir råka av omstillingane i Forsvaret, kan ta avgjerd om økonomisk stønad.

Pressemelding

Nr.: 26/2002
Dato: 27.04.02

Omstilling av forsvarskommunar

Kommunal- og regionaldepartementet har i dag delegert fullmakt til fylkeskommunane slik at dei i samråd med kommunane og regionane som blir råka av omstillingane i Forsvaret, kan ta avgjerd om økonomisk stønad. Dette er ein lekk i arbeidet med å styrkje fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør og fylgje opp prinsippet om desentralisering.

- Omstillinga er meint å gå til kommunar og regionar som mister mange arbeidsplassar, seier statssekretær Morten Andreas Meyer i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Det skal vere ei hjelp til å setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier Meyer.

For 2002 har departementet fordelt 39 millionar kroner slik på 11 fylke:

FYLKE

TILDELING
(MILL. KR.)

Østfold

2,0

Hedmark

5,0

Oppland

1,0

Buskerud

5,0

Vestfold

1,5

Aust-Agder

7,5

Sør-Trøndelag

1,5

Nord-Trøndelag

1,0

Nordland

9,6

Troms

3,2

Finnmark

1,7

SUM

39,0