Historisk arkiv

Verksemda til Statens Husbank

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa har i statsråd 13. desember lagt fram Stortingsmelding om verksemda til Statens Husbank 2000-01.

Pressemelding

Nr.: 133/2002
Dato: 13.12.2002

Verksemda til Statens Husbank

Regjeringa har i statsråd 13. desember 2002 lagt fram Stortingsmelding om verksemda til Statens Husbank 2000-01.

Meldinga gjer greie for bruken av låne- og tilskotsordningane til Husbanken for 2000 og 2001, og gir eit oversyn over hovudtrekka i utviklinga i bustadsektoren for denne perioden. Det blir også gitt nærare omtale av Husbanken sitt arbeid med prosjektkonkurransar og lokale bustadsosiale handlingsplanar. Målet har vore å stimulere og leggje til rette for ein meir aktiv bustadpolitikk i kommunane. Husbanken har deltatt med fagleg kompetanse og gitt økonomisk stønad til arbeidet.

Stortingsmeldinga om verksemda til Husbanken er av rapporterande karakter og blir lagt fram av regjeringa annakvart år. Kommunalminister Erna Solberg understrekar at meldinga ikkje tek opp problemstillingar relatert til kva rolle og innretning Husbanken skal ha i framtida. Dette vil bli behandla i stortingsmelding om bustadpolitikken som regjeringa skal leggje fram hausten 2003.


St.meld. nr. 13 (2002-2003) Om verksemda til Statens Husbank 2000-01