Historisk arkiv

30 millionar til introduksjonsordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 150/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet

30 millionar til introduksjonsordninga

I statsbudsjettet for 2004 føreslår Regjeringa 30 millionar kroner til tiltak som stør opp om kommunale introduksjonsprogram i dei kommunane som no tek introduksjonsordninga i bruk.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar har frå 1. september i år vore frivillig for kommunane. Frå 1. september 2004 blir ordninga obligatorisk. Gjennom introduksjonsordninga blir inntektssikringa vridd over frå passiv sosialstøtte til aktive kvalifiseringstiltak. Føremålet er å gje kommunane ein betre reiskap i arbeidet med å integrere nykomne innvandrarar.

- Introduksjonsordninga er ei viktig reform som skal medverke til betre integrering av nykomne innvandrarar i Noreg, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
– Dei midlane som vi her stiller til rådvelde, skal gjere det mogleg for kommunane å skaffe seg kompetanse, leggje til rette for godt samarbeid mellom ulike etatar i kommunen og utvikle gode program for den einskilde, seier Solberg.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er eit av hovudelementa i introduksjonsordninga. Ordninga vil mellom anna føre til meir intensiv opplæring i norsk språk og samfunnsliv og vil gje innvandrarane betre føresetnader for å finne seg til rette i Noreg.

- Evaluering av forsøk med introduksjonsordninga viser at kopling av økonomiske ytingar og kvalifisering gjev resultat. Ordninga medverkar òg til at kvinner deltek i større grad. Dette er svært positivt, seier Erna Solberg.