Busettjing og levedyktige lokalsamfunn i alle delar av landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2003 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 155/2003
Dato: 08.10.2003
Statsbudsjettet 2004
Busettjing og levedyktige lokalsamfunn i alle delar av landet
- Målet for regional- og distriktspolitikken til Regjeringa er å realisere verdiskapingspotensialet som finst i dei enkelte regionane og medverke til busettjing og levedyktige lokalsamfunn i alle delar av landet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Innanfor regional- og distriktspolitikken føreslår Regjeringa ei ramme på 1 489,05 millionar kroner, ein auke på 75 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2003 på 1 413,50 millionar kroner.
- Regjeringa legg særleg vekt på tiltak som stimulerer innovasjon og nyskaping. Trygging av eksisterande og etablering av nye arbeidsplassar er det viktigaste for å sikre vekstkraftige lokalsamfunn i heile landet, seier Erna Solberg.
- Regjeringa meiner at dei auka avgiftsinntektene ved ei endring av dagens differensierte arbeidsgivaravgift skal tilbakeførast til dei områda som blir råka av endringane. For neste år blir det sett av ei samla ramme på 355 millionar kroner til dette formålet. Av dette kan 150 millionar kroner utbetalast i 2004, og resten blir gjeven som ei tilsegnsfullmakt med utbetaling etter 2004. Løyvingane neste år føreset at ESA godkjenner dei omsøkte overgangs- og transportstøtteordningane, seier statsråd Solberg.
I tillegg føreslår Regjeringa desse kompenserande tiltaka:
- å vidareføre nullsatsen i Nord-Troms og Finnmark
- å behalde dagens differensierte arbeidsgivaravgift for primærnæringane fiskeri og landbruk og tilknytt næringsmiddelindustri
- å vidareføre differensiert arbeidsgivaravgift i sonene 2, 3 og 4, innanfor den frisummen som statsstøtteregelverket tillèt
- ein overgangsperiode på tre år for sonene 3 og 4
- full kompensasjon for offentleg sektor
- å fjerne el-avgifta for all næringsverksemd i sonene 2–4
- innføring av ei ny transportstøtteordning