Forslag om skjerping av reglane for utvising
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 07.07.2003 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Det blir no sendt på høring forslag om endringar i utlendingslova, som gjer det enklare å utvise enkelte utlendingar. (08.07.2003)
Pressemelding
Nr.: 105/2003
Dato: 08.07.2003
Forslag om skjerping av reglane for utvising
Kommunal- og regionaldepartementet sender no på høring forslag om endringar i utlendingslova, som gjer det enklare å utvise utlendingar som har utført straffbare handlingar. Forslaget inneber at ein utlending kan utvisast for straffbare handlingar som har ei lågare strafferamme enn kva lovgivinga i dag gir grunnlag for.
- Det er viktig å gi eit klart signal om at kriminalitet ikkje blir tolerert, seier kommunalminister Erna Solberg.
Den nedre strafferamma for utvising av utlendingar som har arbeids- og opphaldsløyve, er foreslått senka frå fengselsstraff i meir enn eit år, til fengselsstraff i seks månader eller meir. For utlendingar som har busettingsløyve (varig opphaldsløyve) eller som fyller vilkåra for å få slik løyve, er det foreslått at den nedre strafferamma for utvising blir senka frå fengselsstraff i tre år eller meir, til to år eller meir.
Forslaget er ei oppfølging av rapporten ”Om trusler og alvorlig kriminalitet, særlig familievold og annen grov vold” som blei lagt fram av ei arbeidsgruppe 16. mai 2002.
Forslaget får ikkje berre konsekvensar for utlendingar som er dømde for truslar og familievald, men vil gjelde generelt for alle straffbare handlingar utlendingane blir dømde for.