Historisk arkiv

Regionrådet for Hallingdal tek over familievernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regionrådet for Hallingdal får overta ansvaret for delar av familievernet som eit forsøk. (26.04.2003)

Pressemelding

Nr.: 42/2003
Dato: 26.04.2003

Regionrådet for Hallingdal tek over familievernet

Regionrådet for Hallingdal får overta ansvaret for delar av familievernet som eit forsøk. - Forsøket vil vise om kommunalt samarbeid gir innbyggjarane betre tilbod i familievernet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Regjeringa har no godkjent fleire forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering i kommunane. Det inneber at kommunar kan overta statlege eller fylkeskommunale oppgåver for ein periode på fire år.

- Gjennom forsøk kan kommunane vinne nyttige erfaringar med samordning og samarbeid på tilgrensande tenesteområde, og tiltaket i Hallingdal er spennande ut frå eit slikt samarbeidsperspektiv, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Ho ser det som viktig at kommunane knyter ansvaret for familievern opp mot dei andre tenestene som kommunane har ansvaret for, for å gi innbyggjarane eit betre tilbod.

Oversikt over godkjente søknader