Historisk arkiv

3 millionar kroner til bransjetiltak i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 183/2004
Dato: 11.11.2004

3 millionar kroner til bransjetiltak i Rogaland

Regjeringa har no løyvd 3 millionar kroner til tiltak spesielt retta mot bransjar i Rogaland som er sterkt råka av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta. Rogaland fekk tidlegare i år 16,7 millionar kroner tilnæringsretta utviklingstiltak generelt.Totalt har Regjeringa sett av 510 millionar kroner i 2004 til ein særskild næringsretta innsats i dei områda av landet som er omfatta av omlegginga.

Løyvinga er eitt av tiltaka som skal bøte på dei negative konsekvensane etter at Noreg måtte leggje om den differensierte arbeidsgjevaravgifta frå 1. januar i år.

- Næringslivet og regionane sjølve har laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når ikkje det gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til kvar enkelt region på best mogleg måte etter innspel frå regionane. Det har vore eit tett samarbeid med næringslivet i heile prosessen. Eg er særleg nøgd med at næringslivet har teke den førande rolla i å lage desse bransjetiltaka, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

I Rogaland skal midlane nyttast til tiltak innanfor reiselivsbransjen. I samarbeid med Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland legg fylket opp til å setje i verk eit marknadsføringsprosjekt for dei norske fjordane. Tiltaket er eit ledd i styrkje den samla innsatsen for å profilere Vestlandet.

Regjeringa vil følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak neste år også.