Historisk arkiv

99 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Nordland.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 95/2004
Dato: 06.07.2004

99 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Nordland.

Regjeringa har løyvd 99 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Nordland for 2004. Totalt er det satt av 510 millionar kroner til ein særskilt næringsretta innsats i dei områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Løyvinga er eitt av tiltaka som skal bøte på dei negative konsekvensane etter at Noreg måtte legge om den differensierte arbeidsgjevaravgifta frå 1. januar i år.

- Næringslivet og regionane sjølve har laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når ikkje det gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mulig måte og etter innspel frå regionane. Det har vært eit tett samarbeid med næringslivet i heile prosessen. Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rollen i å lage desse handlingsplanane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

I Nordland er det særleg lagt vekt på at tiltak skal gjennomførast nær opp til brukarane, og forvaltninga. Handsaming av saker og prioritering mellom tiltaka er derfor lagt ut til dei sju regionane i fylket. Tiltaka som er ført opp i handlingsplanen for Nordland er i hovudsak innanfor bedriftsutvikling/lokal næringsutvikling, innovasjon/nyskaping, infrastruktur/samferdsle, digital infrastruktur/breiband og FoU/kompetanse .

Regjeringa vil også for 2005 følgje opp denne innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.