Historisk arkiv

Kvalitet for pengane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Erna Solberg fekk tidlegare denne veka innstillinga frå ei arbeidsgruppe med forslag til tiltak for lågare byggje­kostnader. (06.02.2004)

Pressemelding

Nr.: 18/2004
Dato: 06.02.2004

Kvalitet for pengane

Kommunal- og regionalminister Erna Solberg fekk tidlegare denne veka innstillinga frå ei arbeidsgruppe med forslag til tiltak for lågare byggjekostnader.
– Eg ser det som særleg positivt at det teiknar til å bli eit godt samarbeidsklima mellom private og det offentlege på dette området, seier Erna Solberg.

Arbeidsgruppa, med representantar frå byggjenæringa, organisasjonar, forskingsmiljø og det offentlege, har vurdert tiltak for å redusere veksten i byggjekostnadene og auke produktivitetsutviklinga i byggjenæringa. Gruppa meiner det bør takast eit samla grep for å få til nytenking, meir effektivitet og betre publikumsinformasjon i bustad- og byggjemarknaden.

Gruppa foreslår å etablere eit femårig program som skal finansierast av dei involverte partane. Programmet skal ha eit forbrukarperspektiv. Mellom anna skal det foreslå tiltak for meir effektive tilretteleggings- og byggjeprosessar, færre byggjefeil og betre kundekompetanse.

- Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein bustadmarknad som fungerer betre. Det blir eit av hovudgrepa i den nye bustadmeldinga som Regjeringa legg fram i dag. Vi ser særskilt på byggjekostnader i denne samanhengen, seier Solberg. - Det er også eit mål at det skal bli lettare å etablere seg på bustadmarknaden. Derfor er det med interesse eg no skal studere forslaga frå arbeidsgruppa nærmare.

Arbeidsgruppa si innstilling