Historisk arkiv

Samanslutning av Ølen og Vindafjord kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Samanslutninga trer i kraft 1. januar 2006. Namnet på den nye kommunen blir Vindafjord kommune. Kommunen får om lag 8000 innbyggjarar. (23.01.2004)

Pressemelding

Nr.: 9/2004
Dato: 23.01.2004

Samanslutning av Ølen og Vindafjord kommunar

Regjeringa har i dag vedteke at Ølen og Vindafjord kommunar i Rogaland fylke skal slutta seg saman.Samanslutninga trer i kraft 1. januar 2006. Namnet på den nye kommunen blir Vindafjord kommune. Den nye kommunen får om lag 8000 innbyggjarar.

Begge kommunestyra sa i fjor vår ja til samanslutning. Kommunane har gjennomgått ein prosess der konsekvensar av ei samanslutning har blitt greidd ut og vurdert. Før denne prosessen blei dessutan Ølen kommune overflytta frå Hordaland til Rogaland 1. januar 2002.