Historisk arkiv

1030 millionar kroner til fylkeskommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 253/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

1030 millionar kroner til fylkeskommunane

Regjeringa vil auke handlingsrommet til fylkeskommunane ved å redusere dei geografiske grensenefor støtte til kommunale, næringsretta, fysiske investeringar og til stadutvikling.

– Regional- og distriktspolitikken tek utgangspunkt i at ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar og har ulike rammevilkår. Det krev kunnskap om regionale og lokale tilhøve når ein skal ta avgjerder om bruk av offentlege verkemiddel, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

I 2003 desentraliserte regjeringa omfattande økonomiske rammer til fylkeskommunane for å fremje regional utvikling tilpassa føresetnadene i kvar enkelt region. Fylkeskommunane skal gå inn i regionale partnarskapar med mellom anna kommunar, næringsliv og høgskolar for å skape best moglege tilhøve for nyskaping og vekst i dei ulike regionane. Regjeringa føreslår at løyvinga til fordeling mellom fylkeskommunane i 2006 blir på 1029,58 millionar kroner.

Til saman får ti av fylka ein auke i si ramme frå 2005 til 2006, medan fire fylkeskommunar får uendra ramme. Utfasing av visse omstillingsprogram påverkar rammene til nokre av fylka.

Fordelinga er slik (i millionar kroner):

Fylke

Ramme for 2005

Ramme for 2006

Oslo

5,4

5,4

Akershus

5,4

5,4

Østfold

16,7

16,7

Vestfold

5,4

5,4

Hedmark

68,5

69,4

Buskerud

17,6

18,6

Oppland

53,3*

51,8*

Telemark

38,7

41,1

Aust-Agder

13,7

15,8

Vest-Agder

12,5

14,2

Rogaland

18,1

19,2

Hordaland

50,4

48,3

Sogn og Fjordane

109,8**

64,2

Møre og Romsdal

75,9

76,6

Sør-Trøndelag

66,8

67,6

Nord-Trøndelag

79,0

74,6

Nordland

193,9

201,3

Troms

120,7

126,0

Finnmark

110,4

107,9

SUM

1 062,0**

1 029,6

*) Oppland si ramme inngår i forsøket ”Fritt Fram”. ”Fritt fram” blei starta i 2004 og inneber at fylkeskommunen får auka ansvar for økonomiske verkemiddel som påverkar verdiskapinga og velferdsutviklinga i fylket. Forsøket omfattar utvalde verkemiddel frå fleire departement innanfor desse felta: arbeidsmarknadstiltak, næringsutvikling, miljø og landbruk, og regional utvikling.

**) Løyvinga til Sogn og Fjordane i 2005 inkluderer 50 millionar kroner for å møte store omstillingsutfordringar, særleg i Årdal og Høyanger. Tilleggsløyvinga var ein del av tiltakspakken som blei vedteken av Stortinget under behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2004. Fylket får derfor ein auke innanfor dei ordinære midlane i 2006.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.