Historisk arkiv

2,5 millionar kroner ekstra til omstilling i forsvarskommunar i Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 13.05.2005 (Revidert nasjonalbudsjett)

Pressemelding

Nr.: 82/2005
Dato: 13.05.2005

Revidert nasjonalbudsjett

2,5 millionar kroner ekstra til omstilling i forsvarskommunar i Buskerud

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kommunar i Buskerud som er råka av omstillingane i Forsvaret med 2,5 millionar kroner. Totalt blir det løyvd 4,9 millionar kroner i 2005.

- Løyvinga går til kommunar og regionar som mister mange arbeidsplassar. Det er ei hjelp til å setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Kommunal- og regionaldepartementet delegerer fullmakt til fylkeskommunane slik at dei i samråd med kommunane og regionane som er råka, kan ta avgjerd om økonomisk stønad. Dette er eit ledd i arbeidet med å styrkje fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør og fylgjer opp prinsippet om desentralisering.