Historisk arkiv

21. mars — internasjonal dag mot rasisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa fremma i desember 2004 eit forslag til ei ny lov som forbyr diskriminering på grunn av etnisitet og religion på alle samfunnsområde. Lovforslaget er i desse dagar til behandling i Stortinget. (21.03.2005)

Pressemelding

Nr.: 42/2005
Dato: 21.03.2005

21. mars – internasjonal dag mot rasisme

Måndag 21. mars er internasjonal dag mot rasisme.Regjeringa fremma i desember 2004 eit forslag til ei ny lovsom forbyr diskriminering på grunn av etnisitet og religion på alle samfunnsområde. Lovforslaget er i desse dagar til behandling i Stortinget. - Dette lovforslaget vil sikre eit heilskapleg vern mot diskriminering på desse grunnlaga, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Regjeringa har også foreslått å skjerpe straffelova. Eit nytt Likestillings- og diskrimineringsombod skal sikre at lova blir følgd. Regjeringa vil arbeide for at diskrimineringslova og det nye handhevingsapparatet kan være i funksjon frå 1. januar 2006.

Diskrimineringslova skal gjelde på alle samfunnsområde. Både direkte og indirekte diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn, blir no forbode. Vidare er det forbode å trakassere og å instruere andre om å diskriminere eller trakassere. Det blir også forbode å medverke til diskriminering.

Prinsippet om delt provsbyrde er nedfelt i lova. Lova innfører også reaksjonar ved brot på forbodet i form av oppreisning og erstatning.

Regjeringa foreslår at FNs rasediskrimineringskonvensjon skal innarbeidast i norsk lov gjennom innlemming i diskrimineringslova. Konvensjonen får dermed ei styrkt stilling i norsk rett, samtidig som innlemminga venteleg gir ein sterk signaleffekt både nasjonalt og internasjonalt.

I straffelova bør det markerast tydelegare at rasistiske ytringar med kvalifisert krenkjande verknad er uakseptabelt. Regjeringa foreslår derfor ei skjerping av straffelova § 135 a (den såkalla rasismeparagrafen). Diskriminering som blir gjort av fleire i fellesskap, anten i lause grupper eller i meir organiserte former, er særleg skadeleg. Diskrimineringslova får derfor ei eiga straffeføresegn for diskriminering gjort av fleire personar i fellesskap.

Statsråd Erna Solberg peikar også på kor viktig det er at den nye lova får eit effektivt apparat som kan følgje opp, gjennom det nye Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda etter mønster frå dagens likestillingsapparat. Det nye ombodet får både pådrivar- og tilsynsoppgåver knytte til den nye lova.

- Dette lovforslaget, i tillegg til andre tiltak i regjeringa si handlingsplan mot rasisme og diskriminering, viser at regjeringa aktivt kjempar mot rasisme og diskriminering, slår statsråd Solberg fast.