3 670 000 kroner ekstra til omstilling i forsvarskommunar i Aust-Agder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 13.05.2005 (Revidert nasjonalbudsjett)
Pressemelding | Dato: 13.05.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 81/2005
Dato: 13.05.2005
Revidert nasjonalbudsjett
3 670 000 kroner ekstra til omstilling i forsvarskommunar i Aust-Agder
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kommunar i Aust-Agder som er råka av omstillingane i Forsvaret med 3 670 000 kroner. Totalt blir det løyvd 7 280 000 kroner i 2005.
- Løyvinga går til kommunar og regionar som mister mange arbeidsplassar. Det er ei hjelp til å setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Kommunal- og regionaldepartementet delegerer fullmakt til fylkeskommunane slik at dei i samråd med kommunane og regionane som er råka, kan ta avgjerd om økonomisk stønad. Dette er eit ledd i arbeidet med å styrkje fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør og fylgjer opp prinsippet om desentralisering.