4 850 000 kroner ekstra til omstilling i forsvarskommunar i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 13.05.2005 (Revidert nasjonalbudsjett)
Pressemelding | Dato: 13.05.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 85/2005
Dato: 13.05.2005
Revidert nasjonalbudsjett
4 850 000 kroner ekstra til omstilling i forsvarskommunar i Nordland
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kommunar i Nordland som er råka av omstillingane i Forsvaret med 4 850 000 kroner. Totalt blir det løyvd 9 470 000 kroner i 2005.
- Løyvinga går til kommunar og regionar som mister mange arbeidsplassar. Det er ei hjelp til å setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Kommunal- og regionaldepartementet delegerer fullmakt til fylkeskommunane slik at dei i samråd med kommunane og regionane som er råka, kan ta avgjerd om økonomisk stønad. Dette er eit ledd i arbeidet med å styrkje fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør og fylgjer opp prinsippet om desentralisering.