Historisk arkiv

Auka løyving til kommunar som er råka av omstillingane i Forsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 11.07.2005

Etter forslag til revidert nasjonalbudsjett frå Regjeringa om å auke løyvinga til kommunar som er råka av omstillinga i Forsvaret, vedtok Stortinget å auke ramma for 2005 med 20 millionar kroner, frå 19,5 millionar kroner til 39,5 millionar kroner. Den totale løyvinga for 2005 blir om lag på same nivå som løyvingane dei tidlegare åra. (11.07.2005)

Pressemelding

Nr.: 164/2005
Dato: 11.07.2005

Auka løyving til kommunar som er råka av omstillingane i Forsvaret

Etter forslag til revidert nasjonalbudsjett frå Regjeringa om å auke løyvinga til kommunar som er råka av omstillinga i Forsvaret, vedtok Stortinget å auke ramma for 2005 med 20 millionar kroner, frå 19,5 millionar kroner til 39,5 millionar kroner. Den totale løyvinga for 2005 blir om lag på same nivå som løyvingane dei tidlegare åra.

- Omstillingsløyvinga er meint å gå til kommunar og regionar som mister mange arbeidsplassar, seier statsråd Erna Solberg i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Det skal vere ei hjelp til å setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier Solberg.

Oversikten viser tildelinga etter vedtaket av St.prp. nr. 1(2004 – 2005), tildelinga etter vedtaket av revidert nasjonalbudsjett og total tildeling for 2005.

FYLKE

Tildeling i tråd med St.prp. nr. 1 for 2005. Beløp i kroner

Tilleggstildeling etter revidert nasjonalbudsjett for 2005. Beløp i kroner

Total tildeling 2005. Beløp i kroner

Østfold

720 000

730 000

1 450 000

Hedmark

2 400 000

2 500 000

4 900 000

Oppland

490 000

460 000

950 000

Buskerud

2 400 000

2 500 000

4 900 000

Vestfold

490 000

460 000

950 000

Aust-Agder

3 610 000

3 670 000

7 280 000

Sør-Trøndelag

720 000

730 000

1 450 000

Nord-Trøndelag

490 000

460 000

950 000

Nordland

4 620 000

4 850 000

9 470 000

Troms

2 040 000

2 060 000

4 100 000

Finnmark

1 520 000

1 580 000

3 100 000

SUM

19 500 000

20 000 000

39 500 000