Historisk arkiv

Innføring av krav om politiattest ved tilsetjing i asylmottak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 09.09.2005

Alle som skal arbeide i norske asylmottak, må leggje fram politiattest som syner at dei ikkje har forgripe seg seksuelt mot barn før dei kan tilsetjast. (09.09.2005)

Pressemelding

Nr.: 203/2005
Dato: 09.09.2005

Innføring av krav om politiattest ved tilsetjing i asylmottak

Regjeringa sender i dag over eit forslag til Stortinget om å endre utlendingslova på fleire punkt. Alle som skal arbeide i norske asylmottak, må leggje fram politiattest som syner at dei ikkje har forgripe seg seksuelt mot barn før dei kan tilsetjast.

- Barn og unge kan vanskeleg forsvare seg mot fysiske eller psykiske overgrep frå vaksne. For å verne og trygge barn og unge mot overgrep frå personalet i mottaka, skal tilsette i mottak leggje fram politiattest ved tilsetjing, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Det blir også foreslått å innføre yrkesforbod i mottak for personar som har forgripe seg seksuelt mot barn og unge. Forslaget vil gjelde for personar som i framtida får arbeid i asylmottak, det vil ikkje ha tilbakeverkande kraft.

Kravet om å leggje fram politiattest ved tilsetting i mottak blir obligatorisk. Den som tilsett, i praksis privat eller kommunal driftsoperatør, vil være forplikta til å innhente politiattest. På den måten blir innhenting av politiattest rutine i samband med tilsetting, og kravet om politiattest vil ikkje framstå som mistenkeliggjering av dei personane det gjeld. Dette skal gjelde både for tilsetting i faste stillingar, vikariat og engasjement. Arbeidsgivar eller andre som får kjennskap til opplysningar frå politiattesten har teiesplikt om dette.

Regjeringa foreslår også at det kan innehentast politiattest for andre personar som utfører oppgåver for utlendingsstyresmaktene, og som har direkte kontakt med barn og unge som oppheld seg i mottak. Det er opp til oppdragsgivar å vurdera om det er behov for å innhente politiattest i det enkelte tilfelle. Personar dette kan være aktuelt for er tolkar, helsepersonell, lærarar og idrettsleiarar.

Endringsforslaga er nærare omtalt her:

Ot.prp. nr. 112 (2004-2005)
Om lov om endringer i utlendingsloven (innkvartering ved søknad om asyl mv.)