Historisk arkiv

Løyvingar til romani har auka under Samarbeidsregjeringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 263/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Løyvingar til romani har auka under Samarbeidsregjeringa

- Å få på plass kompensasjonsordningar for tidlegare overgrep, særleg når det gjeld romanifolket, har vore ei prioritert oppgåve for denne regjeringa. Eg er spesielt glad for at vi i revidert nasjonalbudsjett for 2004 greidde å imøtekome ønsket til romanifolket om å opprette eit romanifolkets fond som ei kollektiv oppreising for overgrep som dei er blitt utsette for, seier Erna Solberg.

Avkastninga av fondet vil i 2006 utgjere 3,7 millionar kroner. Avkastninga skal mellom anna nyttast til tiltak og aktivitetar som gir kunnskap om historia til romanifolket, eller som er med på å ta vare på og utvikle kulturen og språket deira.

Samarbeidsregjeringa har også sett det som viktig at det blir lagt til rette for tilpassingar for romanifolk i rettferdsvederlagsordninga. Dette blei bestemt 4. april i år ved at Stortinget slutta seg til St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordninger for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolket/tatere og eldre utdannings­skadelidte samer og kvener.

Avdeling for romanifolkets kultur og historie ved Glomdalsmuseet blir opna for publikum våren 2006. Avdelinga blir ein viktig stad for presentasjon av språket og kulturen til romanifolket. Kultur- og kyrkedepartementet føreslår at det i 2006 blir sett av 5,9 millionar kroner til å ferdigstille avdelinga. Etableringa av romaniavdelinga har ei total kostnadsramme på 51,6 millionar kroner.

Prosjektet ”Romani frå barn til vaksen” skal kartleggje negative miljøfaktorar for romanibarn i barnehage og skole og lage ein strategi for å forbetre miljøet for barna. Regjeringa har i sin regjeringsperiode gitt tilskot til prosjektet over budsjetta til Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. I 2006 vil Utdannings- og forskingsdepartementet løyve 550 000 kroner til prosjektet.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.