Historisk arkiv

Meir til omstilling i forsvarskommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 13.05.2005 (Revidert nasjonalbudsjett)

Pressemelding

Nr.: 80/2005
Dato: 13.05.2005

Revidert nasjonalbudsjett

Meir til omstilling i forsvarskommunar

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kommunar som er råka av omstillingane i Forsvaret med 20 millionar kroner. Totalt blir det løyvd 39,5 millionar kroner i 2005.

- Løyvinga går til kommunar og regionar som mister mange arbeidsplassar. Det er ei hjelp til å setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Kommunal- og regionaldepartementet delegerer fullmakt til fylkeskommunane slik at dei i samråd med kommunane og regionane som er råka, kan ta avgjerd om økonomisk stønad. Dette er eit ledd i arbeidet med å styrkje fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør og fylgjer opp prinsippet om desentralisering.

20 millionar kroner fordelast på 11 fylke:

Fylke

Tildeling (1000 kroner)

Østfold

730

Hedmark

2 500

Oppland

460

Buskerud

2 500

Vestfold

460

Aust-Agder

3 670

Sør-Trøndelag

730

Nord-Trøndelag

460

Nordland

4 850

Troms

2 060

Finnmark

1 580

SUM

20 000