Historisk arkiv

Styrkt innsats for bustadlause

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 251/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Styrkt innsats for bustadlause

I budsjettframlegget for 2006 føreslår regjeringa å auke kompetansetilskotet med 9,1 millionar kroner til 65,8 millionar kroner. I tillegg vert bustønaden styrkt. Regjeringa styrkjer dermed innsatsen for dei bustadlause.

– Kommunane kan mellom anna nytte tilskotet til å utvikle samarbeid med statlege institusjonar som fengselsvesenet, behandlingsapparatet og namsmenn. Pengane kan også nyttast til å utvikle samarbeid med frivillige organisasjonar og utleigarar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

På veg til eigen bustad er regjeringa sin strategi for å motverke bustadløyse. Strategien varer frå 2005 til 2007 og er ein viktig del av regjeringa sin kamp mot fattigdom.

I september underskreiv regjeringa og KS ein samarbeidsavtale om tiltak overfor bustadlause. Avtalen skal skape ein større grad av samhandling mellom aktørane på kommunalt, regionalt og statleg nivå. Arbeidet med å gjennomføre strategien er allereie godt i gang i kommunane. Mellom anna har kommunane sett i gang prosjekt som skal hindre at folk vert kasta ut av husværa sine, og prosjekt som skal medverke til at personar som kjem frå fengsel, får ein ny start. Resultatet er at bruken av mellombels butilbod er redusert i dei siste åra; kommunane satsar no heller på varige buløysingar.

Også innanfor andre statlege lån og tilskot er kampen mot bustadløyse ei prioritert oppgåve. Mellom anna har regjeringa auka rammene for bustønaden gitt gjennom Husbanken med 350 millionar kroner sidan 2002, og i det nye budsjettet føreslår regjeringa å fjerne arealkravet knytt til stønaden. – Det er særleg viktig i kampen mot bustadløyse, seier Erna Solberg.

Regjeringa styrkjer også tilskotet til bustadlause og rusmiddelmisbrukarar som Sosial- og helsedirektoratet administrerer.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.