Tiltak mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 242/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjettet 2006
Tiltak mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap
I 2006 skal nykomne overføringsflyktningar og familiesamanførte frå land der kjønnslemlesting og tvangsekteskap blir praktisert, få informasjon om at dette er ulovleg i Noreg. Dei må også skrive under på eit skjema om at informasjonen er motteken og forstått.
– Med dette tiltaket ønskjer vi å gjere nykomne innvandrarar medvitne om kva rettar og plikter dei har i Noreg, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Tiltaket skal gjennomførast som eit prøveprosjekt i politidistrikta Oslo, Asker og Bærum og Søndre Buskerud. Sidan desember 2004 har asylsøkjarar frå aktuelle land fått denne informasjonen i samband med asylintervjuet.
Informasjon om at tvangsekteskap og kjønnslemlesting er ulovleg i Noreg, skal givast i møte der ein samlar fleire personar, helst personar innanfor same språkgruppe. Deltakarane skal så individuelt signere eit skjema der dei skriv under på at informasjonen er motteken og forstått. På desse møta skal det også givast informasjon om rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og annan relevant informasjon. Ein skal også trekkje på den kompetansen som finst i helsestellet.
Prøveprosjektet er eit spleiselag mellom Kommunal- og regionaldepartementet, Justisdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.