Historisk arkiv

Mykje å hente i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Mykje å hente i distrikta

Av Henning Rivedal

Trass i globale og nasjonale sentraliseringstrendar: Utkantsatsinga og særleg Pilotkommunesatsinga i Kommunal- og regionaldepartementet har vist at det framleis er mykje å hente i distrikta. Styresmaktene både nasjonalt og lokalt har skaffa seg verdfull kunnskap frå resultata i denne satsinga, som har utkrystallisert eit landslag for distriktsutbygging.

Utkantsastinga starta i 1997 og er avslutta no i år. Etter planen skal småsamfunnsatsinga føre dei beste erfaringane vidare.

”Uansett kva som skjer. Dyrøy vil aldri bli det same som vi var før pilotkommunesatsinga,” seier prosjektleiar der, Ragnvald Storvoll. Mange av dei som har vore med på Kommunal- og regionaldepartementet si utkant- og pilotkommunesatsing kan skrive under på det. I det stille, langt frå byens larm, har det vakse fram, dette landslaget for distriktsutbygging. Dei har krangla og diskutert, samarbeidd og hatt glede av kvarandre. Folka frå departementet, fylkeskommunane og kommunane har skapt eit fellesskap. Dei opne linjer, den horisontale kommunikasjon, resultatorienteringa, dei kreative frustrasjonane og moroa, har gjort dette prosjektet både annleis og meir interessant enn tidlegare freistnader på slike prosjekt.

Det har alltid handla om å gå opp nye vegar for å finne ny kunnskap. I denne prosessen har det sjeldan handla om å finne opp hjulet på nytt. Det har meir handla om å ta hjulet i bruk på nye måtar og dokumentere det. På internettportalen www.distriktsforum.net/smasamfunn kan alle lese om erfaringane, tankane og resultata.

Eit veldig synleg døme

”Skal vi dra til Vågå og krangle om noko,” var ein ståande fleip i Nord-Gudbrandsdalen fram til slutten av 1990-åra. Vågå var kommunen der ingenting skjedde og krangelen rådde. I dag er Vågå kommunen som viser veg. Så sterk har den positive fokuseringa vorte at dei er redde for at dei kan få eit tilbakeslag når dei no skal stå heilt på eigne bein.

Vågå har vist at ei brei kultursatsing på ungdom i musikalane Hair, Grease og no sist, Jesus Christ Superstar, har handla om meir enn det å stå på ei scene og syngje og spele. Resultatet er at ungdom i dalen torer å stå fram med det å ville noko. Dei torer å melde seg på audition. Dei torer å syngje, danse, spele teater og vere med å byggje opp apparatet rundt slike framsyningar. Folket i dalen har vorte stolte og imponerte av ungdommen sin.

Så kom Rimi-Hagen, Morten Krogvold, trauste bønder og bygdafolk saman, ikkje for å krangle om noko, men for å gjere noko saman. Det vart næringsloft, kulturhus, satsing på utmarksressursar, bustader i tomme hus, billege husbankhus for ungdom og tilbod til det såkalla 24-timarsmennesket. Det vil seie at mennesket i Nord-Gudbrandsdalen skal kunne ha gode og meiningsfylte tilbod døgnet rundt.

Vågå er også interessant fordi prosjektet der syner korleis ein aktiv og handlekraftig ordførar, kopla saman med ein god prosjektorganisasjon kan ta store lyft, sjølv om ressursane i utgangspunktet er små.

Kvinner, IKT og ungdom

Dei lærde vil sikkert diskutere kor mykje utkant- og pilotkommunesatsinga har hatt å seie for å få ungdommen på bana som ansvarlege aktørar. Konferansane og bevisstgjeringa som starta med ”Turbotakter i distrikta” i Trondheim hausten 1998, og arbeidet og samlingane for positivitetsagentar, har vore eit lokomotiv i frigjeringa og utviklinga av ungdomsressursane. Ungdomsråda i kommunane og Ungdommens fylkesting har fått ei fastare form og vore med og sett ny dagsorden. Ungdommen har fått Prøv sjølv-midlar. Det vil seie at ungdomsråda har fått ansvar for å dele ut aktivitetsmidlar til ungdom. For å få tak i slike midlar har dei som ville starte opp måtta lære seg å søkje og argumentere for kvifor dei ville ha pengar.

I pilotkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane har dette resultert i eit interessant firma som sel friluftsopplevingar, mellom anna til internasjonal ungdom som kjem på besøk. Dei som såg fjernsynsserien med Jostein Flo, ”Flo, fjell og fjære,” møtte mellom andre desse ungdommane der.

Den internasjonale satsinga på ungdomssamkvem i Askvoll skjer i samarbeid med Verdsgymnaset i nabokommunen Fjaler og organisasjonen Youth for Europe.

På Utsira i Rogaland har pilotkommunesatsinga fått kvinnene til å utdanne seg til fagarbeidarar i fiskeforedling. Det var utenkjeleg før pilotkommunesamarbeidet. Utsira har også laga ein modell for billege, men effektive breibandløysingar.

Sjølve grunnlaget

”Velkommen til Steinkjær, i mine auge verdas vakraste kommune,” sa ordføraren der då han helsa deltakarar frå midt- og innlands-Noreg velkomne til koneranse. Så fortalde han om korleis dei hadde restaurert og laga eit fantastisk kulturhus av den svære dampsaga nede ved fjorden.

Etter kvart som ordførarar, byråkratar og næringsdrivande stod fram med replikkar, foredrag og kommentarar, referere også dei til at dei kom frå verdas vakraste kommunar, andre stader i landet.

Slik fortalde dei om det som er grunnlaget for distriktspolitikken. Den krev respekt for at alle skal ha rett til å bu der dei vil, fordi det er den vakraste og beste plassen, for dei. I Steinkjer vart det slått fast at slik vil folk i distrikta at det framleis skal vere. Framleis er det slik at distriktskommunane skaper ein stor del av eksportverdien vår. Dei er med andre ord svært lønsame for økonomien til fedrelandet.

Kulturskulen i Engerdal og ”Den lærande Dyrøy”

Pilotkommunen Engerdal satsar på kultur som grunnlag for næringsutvikling. Dei er eit konkret døme på korleis livet du ikkje ser i 80 kilometer i timen langs E6 i dei djupe skogar, likevel finst og er livskraftig. Unge jenter i avansert discodans, ein bluesgitarist, ein fotograf med sideadresse London, trekkspelorkester og kvinner med skaparevner, viser eit morosamt samfunn å bu i prega av stå-på-vilje og musikalitet.

Så blir det satsa på næringsutvikling via kontakt med alle hyttebuarane i området. Kanskje vil dei vere i Engerdal litt meir? Kanskje kan dei vere med i kulturlivet, telependle eller alliere seg med lokale krefter og drive næring frå Engerdal?

Frå det indre Austland er vegen kort til Dyrøy i Troms. 1300 innbyggjarar, volleyballaget Brøstadbotn i landstoppen, fjernvarmesatsing og Dyrøyseminar. ”Den lærande kommunen” Dyrøy set menneska i fokus. Dei byggjer det dyrøyiske hus, og det er eit spanande hus i ein liten kommune, eit hus også andre kan byggje.

Nettverk, profilering og koordinering gir arbeidsplassar

Lenger nord, i Gamvik, stig det nye sentrum fram på ruinane av den gamle tida med fiskebruk i kvar ei krå. Det blir vakkert, noko folk kan vise fram og vere stolte av. I tillegg er det skapt 20 nye IKT-arbeidsplassar i privat sektor, og det ser ikkje ut til å stogge der. I Dyrøy er no 85 arbeidsplassar under etablering, også det i privat IKT-sektor. I fleire andre av pilotkommunane er liknande prosessar på gang. Bak dette ligg målretta nettverksbygging via prosjektorganisasjonen i Kommunal- og regionaldepartementet med regionale og lokale krefter som hovudaktørar.

”Æ vil bli stor i Tjeldsund,” heiter profilen i ein kommune som har slite med mykje intern krangel, men som no ser ut til å finne ein slags ”Vågå-veg” vidare.

Profilbygging har vore tema i pilotkommunesatsinga, og i Tjeldsund og Dyrøy ser vi no konturane av korleis slikt arbeid avlar resultat i praksis.

Den einaste regionen i pilotkommunesatsinga har vore Indre Namdal. Det var der dei bygde opp satsinga på offentlege servicekontor i svært grisgrendte strok. Det har berga mange småsamfunn der og gjort butikken til eit slags mini handels-, service og kulturhus. At Posten valdtok ideen og gjorde noko anna ut av han, er ikkje Indre Namdal si skuld.