Historisk arkiv

Har alle høyrt om Vågå-prosjektet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Artikkel av fyrstekonsulent Sissel Mossing, Kommunal- og regionaldepartementet

Har alle høyrt om Vågå-prosjektet?

Tekst og foto av fyrstekonsulent Sissel Mossing,
Kommunal- og regionaldepartementet

Vågå har hatt status som pilot-kommune, og det departementale Vågå-prosjektet vil vere kjent for mange både i og utanfor Kommunal- og regionaldepartementet. Skal tru om Vågå-prosjektet er like kjent i Vågå?

I departementet har me merkt oss Vågå som ein utettervendt og positiv kommune. Ordføraren og prosjektleiaren har vore i media både titt og ofte og drive god marknadsføring for kommunen sin.

Men korleis er tilstanden innetter i kommunen? Veit innbyggjarane i kommunen kva politikarane og administrasjonen driv med?

Eg tok med meg blokk og penn, kjørte 33 mil og tok ein prat med forskjellige innbyggjarar i Vågå.

”Skilling te rampe”

Den første som kunne slå av ein prat var Svein Vole. Eg forsikra meg om at han hadde budd lenge i kommunen, at han ikkje var ein av dei "nyfrelste" innbyggjarane. Jaau, han hadde no budd i Vågå i nærare tjuge år og hadde arbeidd i kommunen like lenge.

Aha, tenkte eg. Dette ein god kandidat, og eg stilte spørsmålet: - Kva forbind du med Vågå som ein pilot-kommune? Kjenner du uttrykket?

- Jaaa, det er no vel det same som Vågå-prosjektet det, eller det kallast vel generasjonsskifteprosjektet. Jau, det har eg høyrt om. Fyrste gongen eg var i kontakt med prosjektet, var då eg hjelpte son min med ein søknad til kommunen om å byggje ei skateboard-rampe. Ungdomane her i Vågå hadde i fleire år ynskt seg ei slik rampe. Då dei høyrde om dette generasjonsskifteprosjektet (eit tiltak for ungdom), laga dei ei prosjektoppgåve på ungdomsskulen og fann ut at dei kunne søkje om skilling til ei slik rampe. Peng fekk dei og rampa vart bygd. Og eg må seia at ungdomane møtte særs god velvilje frå kommunen si side. Dei hadde direkte kontakt med prosjektleiaren, Olger Rønningen. Han var positiv frå ende til annan. Eg trur nok òg at det var fleire ungdommar som fekk eit godt innblikk i korleis ein kommune fungerer, dei lærte mykje og fekk eit positivt inntrykk av kommunen.

- Men har du merkt nokon forskjell i kommunens arbeid dei siste fire åra?

- Å ja, det har no skjedd mykje, mykje positivt. Mange prosjekt har blitt gjennomførte. Oss har fått nytt kulturhus. Kinoen, som er i kulturhuset, har blitt voldsomt populær, sist fredag måtte dei ha ei ekstraforestilling med filmen om Dina. Det kjem folk frå andre stader òg.

- Du seier at det har vore mykje på gang, men korleis har du fått veta om det?

- Noko har eg høyrd om her via jobben, men oss får no òg ei gratisavis eit par gonger i året. Her kan me lesa om mykje av det nye som skjer i bygda.

Svein Vole
Svein Vole har arbeidd i kommunen i nærare tjuge år.

”Sjogballen berre veks”

Eg tok ein prat med Kjell Nyhus også. Han var tilsett i kommunen som oppvekst- og kultursjef. Her var det også berre godord å seie om generasjonsskifteprosjektet og han lovpriste både Rune Øygard og Olger Rønningen.

Hm, tenkte eg, eg får ta meg ein tur rundt i sentrum og "ta ein gateprat".

Kjell Nyhus
Oppvekst- og kultursjef i kommunen Kjell Nyhus.

Men eg var kaffitørst og tok ein tur innom "Jutul og Blessomen", ein triveleg kafé midt i sentrum. Her vart eg ekspedert av ein grei, ung kar. Namnet fikk eg òg veta, det var Kjell Espen Andersen, født og oppvaksen i Vågå.

Han fekk sjølvsagt også spørsmålet: - Har du høyrt om Vågå-prosjektet? - Jau, det hadde han – ”kem tå dei?” Sjølv hadde han fått både støtte og hjelp, ”eit kjempetetak.” Han hadde budd i Oslo i fleire år, men hadde kome tilbake att, takka vere Vågå-prosjektet og Olger Rønningen.

- Framtida da, spurte eg. - Har du tru på den, no som prosjekt-perioden er over?

- Å, jaaa, no rullar det rette vegen, ”sjogballen berre veks, den”. No skal oss begynne å nytte alle dei unytta moglegheitene, og høyr etter, eg sa unytta og ikkje utnytta, det er særs viktig. Her i Vågå har oss det verkeleg bra, avslutta ungguten.

Kaffien var god, eg takka for meg og rusla vidare. Hadde verkeleg alle høyrt om Vågå-prosjektet? Eg krølla panna, tenkte og myste etter fleire intervju-objekt.

Kjell Espen Andersen
Kjell Espen Andersen frå kaféen "Jutul og Blessomen".

”Oss høyre om det…”

Då fikk eg auga på to karar. Dei stod i djup samtale og så slett ikkje muntre ut. Men, men, eg tok sjansen, rekte fram handa, presenterte meg med namn og adresse frå Kommunaldepartementet og spurte om å få stille eit par spørsmål. - Ja, det var greitt, men kor var det eg kom frå? - Kommunaldepartementet, svara eg. - Å, hadde du endå vore frå Landbruksdepartementet.

Ja, vel? Men det var eg ikkje, nysjerrigheita tok overhand og eg lurte på kva som var gale, for noko var det tydelegvis. - Har du høyrt om ulv? (underforstått, eg var jo frå byen). No har han teke fem simler natt te laurdag og me lurar på kor langt dette skal gå? Kan du helse inn til dei som har noko med det og seie at no vil me ha slutt på dette!

Eg svara at eg skulle gjere så godt eg kunne, men kunne dei hjelpe meg? Hadde dei høyrt om Vågå-prosjektet? Eg venta spent, begge kika på meg og så utbraut den eine: - Å, ein må no vera både blind og tunghøyrt om ein ikkje har fått med seg det som politikarane har drive med dei siste åra. Oss høyrer om det både på lokalradioen og les om det i gratisavisa. Det skjer mykje her, takka vera dessa prosjekta. Men ulven, kva ska oss gjera med den?


Olav Håkenstad (til venstre) og Johan Hølmo i samtale om ulven.

”Vagvèr’n”

Svar hadde eg fått og dei to heldt fram med ulvepraten. No måtte eg berre erkjenne at ordførar Øygard og prosjektleiar Rønning hadde gjort ein god jobb innetter i kommunen også. Kva hadde dei gjort med innbyggjarane i Vågå?

For å få svar på det, tok eg kontakt med ordføraren og fortalte om dagens erfaringar.

Men kva med denne gratisavisa som fleire viste til?

- No ja, det er vel Vagvèr'n som dei viser til. Det er ei gratis informasjonsavis om Vågåprosjektet "Generasjonsskifte" som kjem ut ei par gonger i halvåret. Ho blir sendt til alle innbyggjarane i Vågå, utflytta vagverar og andre interesserte. Meininga er å skapa ein inkluderande og felles Vågå-følelse. I tillegg har me hatt info-møte i grendene, hjå næringslivet og hjå dei friviljuge organisasjonane. Me har òg hatt gatehjørnemøte eller torgmøte. Overfor dei tilsette i kommunen har me hatt mange informasjonsmøte og alle har fått t-skjorter med kommunelogo. Slik har alle eit eigarforhold til Vågå-prosjektet.

Sa ordføraren, og eg stod mektig imponert tilbake.