Historisk arkiv

Kommunale utfordringar og kommunestruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Leder i KRD-nytt nr. 6 2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Kommunale utfordringar og kommunestruktur

Av Kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Det er mykje som talar for at kommunestrukturen i dag ikkje er føremålstenleg. Først og fremst fordi vi har ein kommunestruktur som ikkje er tilpassa dei forventingane innbyggarane har til den kommunale tenesteproduksjonen.

Innbyggarane som brukarar stiller stadig større krav til kommunale tenester. Dersom kommunane skal kunne løyse oppgåvene sine tilfredstillande må dei ha tilstrekkelege økonomiske, organisatoriske og menneskelege ressursar. Dagens kommunestruktur representerer ei utfordring i forhold til å gje innbyggarane det tenestetilbodet dei forventar.

For det første er det eit spørsmål om knappe økonomiske rammer. Mange kommunar opplever det som stadig tøffare å balansere utgifter mot inntektene. Av omsyn til eksportnæringa og ei stabil rente er det avgrensa mogelegheiter til å auka inntektsrammene for kommunane ytterlegare. Det er lite som tydar på at denne situasjonen vil endre seg dei komande åra. Men for kommunane og lokalsamfunna er det svært viktig å sikre at dei lokale bedrifta har gode rammevilkår, noko som og er viktig for velferda.

For det andre er det eit spørsmål om avgrensa tilgong på kvalifisert arbeidskraft, særleg i små kommunar og distriktskommunar. Eg vil hevda at konkurransen om kompetent arbeidskraft er ei større utfordring enn knappe økonomiske rammer. Det er inga hjelp i å auka inntektsrammene når det ikkje tilgong på arbeidskraft til å løysa utfordringane dei demografiske endringane gjev oss.

Denne situasjonen krev evne til omstilling og nytenking i kommunane. Vi må få meir og betre velferd ut av dei ressursane vi nyttar. Det krev også nytenking frå statleg hald, og Regjeringa si tilnærming til omstillingsarbeidet i kommunane er todelt.

For det første vil vi forbetre dei statlege rammevilkåra for omstilling, fornying og nytenking. Gjennom tiltak som plan for innlemming av øyremerka tilskott, regelverksforenkling og betre samordning av tilsyn vil kommunane sitt rom for handling bli større. Ved å fjerne konkurransevridande momsordningar og stimulere til bruk av konkurranseeksponerande verkemiddel vil vi legge til rette for at nye måtar å organisere tenesteproduksjonen på blir gjort mogeleg.

For det andre vil vi støtte opp om lokalt utviklingsarbeid som siktar mot omstiling og modernisering. Vi ønskjer mellom anna å stimulere til at fleire kommunar samarbeider om å løysa oppgåver der dette gjev billigare og kvalitativt betre tenester.

For å tilpassa oss innbyggaranes krav, knappe økonomiske rammer og sterk konkurranse om fagleg arbeidskraft er kommunesamanslutning ei løysing mange kommunar bør vurdera. Det kan gje høve til å redusere administrative kostnader, og flytte ressursbruken til tenesteytande verksemd. Større kommunar gjev høve til å utnytte ressursane – både menneskelege og økonomiske - betre. Ved å dela kostnadane på fleire får vi meir ut av kvar krone. Med større kommunar og større fagmiljø vil det også vere lettare for kommunane å trekkje til seg kompetent arbeidskraft. Kommunepolitikarane må no vurdere om kommunesamanslutning kan vere eit av tiltaka for å for å gje innbyggjarane eit betre tenestetilbod. Det er gjennom å etablere løysingar som tek omsyn til innbyggarane sine behov for eit godt tenestetilbod at vi skaper ein offentleg sektor som er til for innbyggarane sin del.