Historisk arkiv

Distriktskommisjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Leiar i KRD-nytt nr 1 2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Distriktskommisjonen

Av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Eg har store forventningar til den nye distriktskommisjonen. Kommisjonen skal sjå på alle politikkområde som har noko å seie for busetjing og regional utvikling, og skal kome med konkrete forslag til endringar. Kommisjonen skal arbeide fram til september 2004.

Lenge har vi vore vitne til ei relativt sterk sentralisering, trass i ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Kanskje har sentraliseringa gått saktare enn i nabolanda våre. Men vi har ikkje klart å gjere noko grunnleggjande med strukturendringane i distrikta.

Distriktskommisjonen får ei viktig rolle i arbeidet med å utforme verkemidla for dagens og morgondagens utfordringar. I forhold til dagens røyndom ser delar av distrikts- og regionalpolitikken ut til å ha gått ut på dato. Målet med politikken må vere å skape vekst og optimisme, samtidig som vi unngår verkemiddel som kan vere med på å oppretthalde strukturar som ikkje kan overleve. Skal vi klare det, er det ikkje nok å overføre pengar. Det er i det heile teke avgrensa kva staten kan utrette om ikkje ambisjonane er lokalt forankra og mobiliseringa skjer lokalt.

Samtidig ligg mykje av grunnlaget for velstanden vår framleis spreidd. Den konkurranseutsette næringsverksemda har i stor grad utspring utanfor dei store byane. I desse næringane blir det skapt valutainntekter, og her finn vi ofte høg kompetanse og evne til nyskaping. Det er derfor ingen grunn til at mindre byar og stader skal oppfattast som noko B-lag. Noreg er i hovudsak sett saman av små og mellomstore tettstader, og dei kjem til å spele ei viktig rolle også i framtida.

Regjeringa fører ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk, og vil halde fram med det også mens kommisjonen arbeider. Tunge og viktige verkemiddel for distrikts- og regionalpolitikken er under press. Det gjeld ikkje minst landbruksstøtta og den differensierte arbeidsgivaravgifta. Regjeringa vurderer for tida den viktige tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark, og planlegg å leggje fram ei melding om dette for Stortinget i år.

Regjeringa har begynt på ei kursomlegging i distrikts- og regionalpolitikken, der vi blant anna har prøvd å ta inn over oss dei nye utfordringane som knyter seg til utviklinga av eit globalisert kunnskapssamfunn. Her opplever vi at det er viktig å vere ærleg når det gjeld å beskrive røyndomen og kva som kan og bør påverkast gjennom politiske vedtak. Men vi sit ikkje med alle svara no. Det er behov for nytenking. Det er ein av grunnane til at statsministeren tok tak i utfordringa om å etablere ein distriktskommisjon.

I tillegg er det viktig å få etablert ei breiare plattform i Stortinget for den distriktspolitiske kursen som skal førast. I dag står ikkje distrikts- og regionalpolitikken øvst på den politiske dagsordenen. Men for mange parti speler den framleis ei viktig rolle, og er lett å ty til når politiske skiljelinjer skal markerast. Det blir lett store diskusjonar om enkelttiltak som har avgrensa påverknad. Dei som taper på det er først og fremst distrikta. Trass alt er dei generelle rammevilkåra som oftast viktigast.

Halvparten av den politiske debatten dreier seg om å byggje partiprofilar, og ikkje om dei grunnleggjande forholda i distriktspolitikken. Her har ikkje pressa vore flinke nok til å ta fatt i denne symboldebatten.

Distriktskommisjonen har altså ei viktig oppgåve. Dei spørsmåla kommisjonen skal behandle gjeld ikkje berre dei som bur i distrikta, men i like stor grad dei som bur i byane. Eg håper at distriktskommisjonen kan vere med på å leggje grunnlaget for ein framtidig politikk som gir gode og stabile rammevilkår i distrikta. Det treng distrikta og det treng Noreg.