Historisk arkiv

Regionalpolitikken skal medverke til å auke verdiskapinga i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg av kommunal- og regionalminister Erna Solberg sendt alle landets aviser 31. mars 2005

Kommunal- og regionalminister Erna Solberg (H)

Regionalpolitikken skal medverke til å auke verdiskapinga i heile landet

Innlegg sendt alle landets aviser 31. mars 2005

Vi har bedrifter og arbeidsplassar spreidd over heile landet som er med i ein global konkurranse. Mange suksesshistorier fortel om norske bedrifter som har vist at norsk kompetanse, teknologi og design er gode eksportvarer, og at det går like godt an å drive internasjonal business frå Glomfjord eller Sykkylven som frå Oslo. Dette er eit viktig utgangspunkt for den nye stortingsmeldinga om regionalpolitikken som Regjeringa snart legg fram.

Globaliseringa er ei viktig drivkraft for utviklinga i norske lokalsamfunn og regionar. Når vi blir utkonkurrerte på å produsere fiskefiletar må vi bli enda meir effektive eller finne nya og lønnsame måtar å bruke fisken på, og som kundane på den internasjonale marknaden er villeg til å betale gode pengar for. Noreg er eit høgkostland, med høge standardar for velferd og inntekt. Det bør vi framleis ha, men det krev at vi har eit konkurransedyktig næringsliv. Derfor har Regjeringa fokus på potensiala for vekst som finst i heile landet, og mot menneske som har lyst og evne til å nytte dei. Menneske som til dømes evner å utnytte potensial for turisme basert på det mangfaldet av kulturlandskap, kulturminne og mattradisjonar som finst i kyst og innland, er med på å gi sårbare samfunn fleire bein å stå på.

Det er interessant å merke seg at suksessregionane i ”Nærings-NM”, som Telemarksforsking har laga på bestilling ifrå NHO, ikkje berre er dei store byregionane. I det øvre sjiktet finn vi både Øygardenområdet i Hordaland, Oppdal i Sør-Trøndelag og Setesdalsregionen i Aust-Agder, både samla for alle indikatorar og heilt i toppen når det gjeld ”Vekst” og ”Nyetableringar”. Det seier mykje om at sjølv relativt små næringsmiljø kan bidra godt til nyskaping og til den samla verdiskapinga i landet. Samstundes er det viktig å ha med seg at verdiskapinga i landet skjer meir og meir gjennom kjeder av gjensidig avhengige aktivitetar og kunnskapar knytte til menneske og næringsmiljø på ulike stader. Ein god regionalpolitikk er ein politikk som fremmer nyskaping og omstilling, og som er retta inn mot å styrke regionale nærings- og kunnskapsmiljø der det er moglegheiter for vekstkraft.

Det meste av fornying skjer ikkje på grunnlag av forskingsresultat, men fordi menneske med skaparlyst tek i bruk erfaringar og kunnskap på nye og kreative måtar. Viktige ressursar for nyskaping som kjelde til auka konkurransekraft finst lokalt og regionalt, i menneske og miljø med erfaring og spisskompetanse. Internasjonalt konkurrerande industribedrifter i Raufoss har sett at det går an å hente ut enda meir av verdiskapingspotensiala gjennom å sette fokus på kva særpreg og konkurransefortrinn dei har som ”klynge” og å ved å ha eit aktivt samarbeid med lokale og regionale FoU-miljø. Fleire bedrifter og næringsmiljø bør tenkje i slike banar.

Kva må til for å sikre tryggje arbeidsplassar i konkurransedyktige bedrifter både i bygd og by i høgkostlandet Noreg? Først og fremst treng både industrien og anna konkurranseutsett næringsliv stabile rente- og valutatilhøve, og like vilkår og regelverk med dei landa næringslivet konkurrerer med. Ikkje minst er dette viktig for skipsverfta, oppdrettsanlegga, smelteverksindustrien og mykje av det andre konkurranseutsette næringslivet som finst utanfor dei tyngste befolkningssentera.

Vi kjem til å bruke store midlar også i åra framover på infrastruktur, på høgre utdanning, på forsking og utvikling. For denne regjeringa er det heilt sentralt at desse midlane blir brukte slik at dei medverkar til å utløyse potensial for verdiskaping i næringslivet i ulike deler av landet. Vi kjem også framleis til å sette av ein god del midlar til spesiell regional- og distriktspolitisk innsats for å fremme verdiskaping og busetjing i heile landet. Men det aller viktigaste for utviklinga til norske bedrifter, anten dei ligg på Sunndalsøra, i Tromsø eller på Kongsberg, er stabile og internasjonalt konkurransedyktige rammevilkår.