Historisk arkiv

Enklare og rimelegare for jegerane : Endring av forskrift om viltkjøttkontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruksdepartementet

06.09.2002

Å sikre trygg mat er hovedmålet med viltkjøttkontrollen. I tillegg har Stortinget slått fast at den skal vere sjølfinansierande. Det betyr ikkje at det skal vere unødig dyrt for jegerane. Etter den debatten som har vore dei siste vekene, har eg bedt matforvaltninga om å sjå på korleis kostnadene med viltkontroll kan minkast. Meir informasjon (06.09.02)

Pressemelding

Nr.: 34
Dato: 06.09.2002

Kontaktperson:

Landbruksminister Lars Sponheim, 22 24 91 01
Underdirektør Steinar Svanemyr, 22 24 94 31

Enklare og rimelegare for jegerane : Endring av forskrift om viltkjøttkontroll

Å sikre trygg mat er hovedmålet med viltkjøttkontrollen. I tillegg har Stortinget slått fast at den skal vere sjølfinansierande. Det betyr ikkje at det skal vere unødig dyrt for jegerane. Etter den debatten som har vore dei siste vekene, har eg bedt matforvaltninga om å sjå på korleis kostnadene med viltkontroll kan minkast. Resultatet er ei forskriftsendring som gjer samarbeidet mellom dei kommunale næringsmiddeltilsyna og jaktlaga meir effektivt. Då kan jaktlaga få ned prisane på viltkjøttkontrollen, seier landbruksminister Lars Sponheim.

Det grunnleggande ansvaret for at viltkjøtt er trygg mat er det jegerane og jaktlaget som har. Kjøtt som blir omsett kommersielt i Norge, også viltkjøtt, skal vere kontrollert av det offentlege. Det offentlege næringsmiddeltilsynet har ansvaret for at kjøttkontrollen blir gjennomført på ein skikkeleg måte, på godkjente kontrollstader og at ukontrollert kjøtt ikkje blir omsett. Viltkjøtt som jegerar sel i mindre mengder direkte til forbrukaren (til dømes naboen) treng ikkje offentleg kontroll.

Alle kontrollstader må igjennom ei første gongs godkjenning. I forskriften slik den ligg føre, er denne oppgåva gitt ein fast pris. Dette blir nå endra slik at tilsynet kan prise denne tenesta inntil eit maksimalbeløp på 3300 kroner. I praksis betyr det at dersom det går raskt og er lett å godkjenne kontrollstaden, så kan prisen bli lågare. Eg åpnar også for at godkjenninga av kontrollstaden kan skje samstundes med kontrollen av første slakt.

Eg oppfordrer fortsatt jaktlaga til å slå seg saman og å redusere talet på kontrollstader. Kjøttkontroll vil bli rimelegare når avgifta for godkjenning av den einskilde kontrollstaden blir fordelt på fleire jaktlag. Timesatsen for kontroll vil fortsatt vere på 400 kr.

Meir informasjon vil bli lagt ut på: http://www.snt.no/nytt/tema/jakt/