Historisk arkiv

Omlegging av skogpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruksdepartementet

- Skog og utmark er verdfulle ressursar, som som kan gi gode bidrag til både verdiskaping og miljøet dersom dei blir forvalta på rett måte. Landbruksdepartementet vil gjere dei økonomiske rammevilkåra for skogbasert verksemd meir robuste, fremje verdiskaping i sektoren og styrke miljødimensjonen, seier landbruksminister Lars Sponheim. (03.10.02)

Pressemelding

Nr.: 37
Dato: 03.10.2002

Kontaktperson:
Landbruksminister Lars Sponheim. Tlf. 22 24 91 00 / 93 06 35 94
Statssekretær Leif Helge Kongshaug. Tlf. 22 24 91 02 / 93 06 36 42
Kst. Ekspedisjonssjef Randi Kogstad. Tlf. 22 24 91 40 / 97 51 23 76
Prosjektleder Rolf Gran. Tlf. 22 24 92 10 / 48 09 97 49

Landbruksdepartementets budsjett 2003

Omlegging av skogpolitikken

- Skog og utmark er verdfulle ressursar, som som kan gi gode bidrag til både verdiskaping og miljøet dersom dei blir forvalta på rett måte. Landbruksdepartementet vil gjere dei økonomiske rammevilkåra for skogbasert verksemd meir robuste, fremje verdiskaping i sektoren og styrke miljødimensjonen, seier landbruksminister Lars Sponheim.

- Rammevilkåra for skognæringa har endra seg dei siste åra, og ført med seg ei stadig fallande lønnsemd, påpeiker landbruksminister Lars Sponheim. - Resultatet av dette er m.a. lågare avverking og meir enn halvering av investeringane sidan slutten på 1980-talet. Regjeringa meiner det er ei stor utfordring å få til ei betre utnytting av skogressursane i landet, og vil stimulere nyskaping, produktutvikling og betre marknadstilpassing, samstundes som skogbruket skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver, seier han.

- Bruken av skogressursane har mykje å seie for inntekt og sysselsetting, seier landbruksministeren. – Næringa har alltid vore marknadsretta, og prinsippet om fridom under ansvar har vore eit grunnleggjande prinsipp i skogpolitikken. På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa i dette budsjettet å gå bort frå offentleg styrte verkemiddel i form av tilskott, og over til generelle verkemiddel som fondsavsetningar og skattereglar. Det blir da opp til den einskilde skogeigar å finne den optimale tilpassinga på sin eigedom. Omlegginga inneber t.d. at skogeigarane sjølve må ta eit større ansvar for å bygge opp ny skog.

Regjeringa legg opp til ei omlegging av skogpolitikken med sikte på at dei økonomiske rammevilkåra for skogsektoren skal bli meir robuste. Ordninga med skogavgift er sentral for å stimulere til investeringar i skogbruket. Det er ikkje ei avgift, men ei tvungen fondsavsetning av skogeigaren sine eigne pengar for reinvestering på den eigedomen pengane kjem frå. Det er knytt skattefordel til bruken av skogavgift. Det blir foreslått å betre denne ved at skattefordelssatsen ved investeringar med skogavgift blir auka frå 35 pst med avtrapping i dag til 60 pst. utan avtrapping. Samstundes blir det ikkje lenger høve til å nytte slike midlar til å investere i nye skogsvegar. Med investeringar i skogkultur på dagens nivå vil dette gi skogeigarane ein samla skattereduksjon på om lag 9 mill. kr. Ordningane med statstilskott til skogkultur og transport blir foreslått avvikla. Desse endringane vil gi skogbruket enklare og meir robuste rammevilkår, Saman med ein kraftig auke i løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke med 19 mill. kr til i alt 39 mill. kr, bør dette på sikt kunne føre til auka investeringar og betre lønsemd i næringa. Saman med satsing på barskogvern og bioenergi medverker omlegginga til ei styrking av miljødimensjonen i skogbruket.

Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke

Den største utfordringa i skogbruket framover er å betre lønnsemda og auke verdiskapinga i sektoren. Regjeringa vil derfor prioritere verdiskapingstiltak innanfor skogsektoren og gjer framlegg om at løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke blir auka med 19 mill. kr til 39 mill. kr. Hovudmålet med programmet er høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda for med det å auke lønnsemda i skogsektoren.

Barskogvern

I 2002 blei det gjennomført ei evaluering av barskogvernet. Denne konkluderer med at barskogvernet bør utvidast. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2002 samarbeidde Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet om ei tilleggsløyving til barskogvern over Jordfondet fordi dette kan gi raske og fleksible løysingar knytt til utbetaling av erstatning og til ulike kompenserande tiltak. Stortinget slutta seg til ei tilleggsløyving på 25 mill. kr til Jordfondet. I tillegg kan midlar frå Jordfondet nyttast til barskogføremål slik at ein i 2002 har om lag 35 mill. kr ekstra for auka satsing på gjennomføring av det vedtekne barskogvernet. Departementet arbeider med ytterlegare styrking av Jordfondet. Departementet legg vidare opp til at ein på lenger sikt kan nytte om lag halvparten av Jordfondet sin kapital til skogvern. Landbruksdepartementet legg stor vekt på at auka vern av skog bør bli eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane, og at eit auka skogvern må baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande reglar.

Bioenergi

Landbruket kan som produsent, brukar og leverandør av bioenergi, bidra til å auke bruk av ny fornybar energi. Innan rammene for langsiktig berekraftig forvaltning er det potensial for å auke utnyttinga av biomasseressursane frå landbruket til energiformål. Auka bruk av bioenergi vil bidra til å styrke og oppretthalde verdiskapinga i landbruket. I jordbruksforhandlingane i 2002 blei det sett av 15 mill. kr til bioenergi innanfor ramma på 158 mill. kr til skog og bioenergi. Samstundes vil ein auka forskingsinnsatsen på området. Satsinga har som mål å auke tilbodet og bruken av bioenergi frå jord- og skogbruket. Samtidig blir det forutsett at satsinga legg grunnlaget for utvikling av landbruket som ein totalleverandør av bioenergiløysingar. Arbeidet i Landbruksdepartementet må sjåast i samanheng med Olje- og energidepartementet si satsing på omlegging av energibruk og -produksjon.