Historisk arkiv

Første WTO-utkast til forhandlingsløysing på jordbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruksdepartementet

Stuart Harbinson, leiar av jordbruksforhandlingane i WTO, har i dag lagt fram sitt første utkast til forhandlingsløysing på jordbruk. Utkastet avviker i stor grad frå det norske forhandlingsforslaget datert 10. februar. Landbruksminister Lars Sponheim seier forslaget vil få dramatiske konsekvensar for norsk landbruk dersom det blir ståande.(12.02.03)

Første WTO-utkast til forhandlingsløysing på jordbruk

Stuart Harbinson, leiar av jordbruksforhandlingane i WTO, har i dag lagt fram sitt første utkast til forhandlingsløysing på jordbruk. Utkastet avviker i stor grad frå det norske forhandlingsforslaget datert 10. februar. Landbruksminister Lars Sponheim seier forslaget vil få dramatiske konsekvensar for norsk landbruk dersom det blir ståande.

- Skulle dette bli ståande, ville det bety dramatiske endringar for det norske landbruket. WTOs forslag til kraftige kutt i både tollsatsar og tilskott vil gje prisar som på langt nær dekker bondens kostnader, og det vil vere umogeleg å oppretthalde dagens produksjon. Det blir tøffe forhandlingar for å få flytta på Harbinsons forslag, men helt nødvendig for å få eit resultat som Europa kan leve med, sier landbruksminister Lars Sponheim.

På dei ulike forhandlingsområda er utkastet til Harbinson som følgjer:

Marknadstilgang:

  • Alle tollsatsar som i dag er over 90% skal reduserast med minimum 45%. I snitt skal desse tollsatsane reduserast med 60%.
  • Alle tollsatsar som i dag er mellom 15 og 90% skal reduserast med minimum 35%. I snitt skal desse tollsatsane reduserast med 50%.
  • Alle tollsatsar som i dag er under 15% skal reduserast med minimum 25%. I snitt skal desse tollsatsane reduserast med 40%.
  • Alle importkvoter med redusert toll skal aukast til 10% av forbruket.
  • Den særskilte tryggjingsklausulen for jordbruksvarer skal avviklast for industrialiserte land.

Internstøtte

  • Gul støtte (prisstøtte) skal reduserast med 60%, utan nokon effektiv form for inflasjonsjustering
  • Blå støtte (hovudsakleg dyre- og arealstøtte) skal reduserast med 50%
  • Strengare reglar for grøn støtte

Eksportkonkurranse

  • Tradisjonelle eksportsubsidiar skal eliminerast over ein periode på 5-9 år
  • Eksportkredittar
  • Eksportkredittar på kommersielle vilkår, men likevel subsidierte ordningar for eksport til uland og romsleg unntaksklausul i for ”krisesituasjonar”.
  • Reglane for matvarehjelp vert innstramma, men likevel ikkje i tilstrekkeleg grad til å unngå at matvarehjelp vert brukt for å omgå regelverket for eksportsubsidiar og som avsetning av overskotslager i gjevarlanda.

Med slike reduksjonar i både tollsatsar og internstøtte vil det truleg vera umogleg å føra vidare eit norsk jordbruk av særleg omfang. Forslaga til kutt i tollsatsane vil gjere det økonomisk uinteressant for bonden å halde fram med produksjonen av dei fleste viktige varer i norsk landbruk. Storfekjøt er eit av fleire døme på ein produksjon som særleg er viktig for jordbruket i distrikta, og som vil bli særs hardt ramma av dei føreslåtte kutta i tollsatsane. Det vil vere fare for at denne produksjonen blir borte i store delar av landet med dei negative følgjene dette får for kulturlandskap, biologisk mangfald, busetjing i distrikta og mattryggleik.

12. februar 2003