Historisk arkiv

Super-anlegg på Byrkjelo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruksdepartementet

Landbruksminister Lars Sponheim (V) vil måndag 23.juni, foreta den offisielle åpninga av TINE Meieriet Vest sitt nye store produksjonsanlegg på Byrkjelo i Sogn og Fjordane. (20.06.2003)

Super-anlegg på Byrkjelo

Landbruksminister Lars Sponheim (V) vil måndag 23.juni, foreta den offisielle åpninga av TINE Meieriet Vest sitt nye produksjonsanlegg på Byrkjelo i Sogn og Fjordane. Byrkjelo-anlegget blir eit av dei største og mest moderne meierianlegga i Norge, og er av dei større industrisatsingane i Sogn og Fjordane dei siste åra.

Administrerande direktør i TINE Meieriet Vest, Leif A. Berge, seier at TINE Meieriet Vest med dette anlegget er med på å skape og oppretthalde viktige verdiar som byggjer på mjølkeproduksjonen i fylket og at det nye meierianlegget representerer ein ”framtidsretta næringsmiddelindustri bygd på handverk, tradisjon og kultur”.

Anlegg ByrkjeloByrkjeloanlegget blei vedteke utbygd for å gjere meieridrifta meir kostnadseffektiv og erstattar dei tidlegare meierianlegga i Bygstad og Førde i Sunnfjord og på Nordfjordeid.

Anlegget vil ta mot om lag 100 mill. liter. mjølk og produsere 8000 tonn kvitost, 3000 tonn brunost og 13 mill. liter konsummjølk. 85 tilsette vil ha sin arbeidsplass her. Bygningsarbeidet blei starta opp hausten 2001 og er sluttført no i vår.


20. juni 2003