Historisk arkiv

Bygdesamfunn får idé-pris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruksdepartementet

Bygdeutvikling: Sogn og Fjordane fylkeskommune vil gi pris til idérike bygdesamfunn. Prisen blir eit diplom og ein pengesum på 25 000 kroner. (14.05.2004)

Bygdesamfunn får idé-pris

Bygdeutvikling: Sogn og Fjordane fylkeskommune vil gi pris til idérike bygdesamfunn. Prisen blir eit diplom og ein pengesum på 25 000 kroner .

Bygdesamfunn med livskraft
Prisen skal gå til bygdesamfunn som gjennom idérikdom, samarbeid og målretta arbeid har utvikla eit godt bumiljø med trivsel for folk i alle aldrar og/eller spennande og attraktive tilbod for innbyggjarar og tilreisande i bygdesamfunnet. Det vil og bli lagt vekt på om bygdesamfunnet er livskraftig og om tiltaka er nyskapande eller inneheld dristige idéar som fremjar bulyst og virke.

Send framlegg til prisvinnar til fylkesmannen si landbruksavdeling i Sogn og Fjordane innan 1. juni 2004. Prisen skal innehalde eit diplom og 25 000 kroner og blir delt ut på fylkestinget i oktober 2004.


14. mai 2004