Bygdeutvikling vegalangs
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Landbruksdepartementet
Pressemelding | Dato: 03.08.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Bygdeutvikling: Den store Bygdesamlinga 2004 blir arrangert av Fjordane Grendalag i Vetlefjorden i Balestrand kommune, den 14. august. Tema i år blir ”Bygdeutvikling vegalangs”! (03.08.2004)
Bygdeutvikling vegalangs
Bygdeutvikling: Den store Bygdesamlinga 2004 blir arrangert av Fjordane Grendalag i Vetlefjorden i Balestrand kommune, den 14. august. Tema i år blir ”Bygdeutvikling vegalangs”!
Det er et rikholdig program der det blant annet blir orientert om:
Dei to nasjonale turistvegane vi har i fylket - Sognefjellsvegen og Gamle Strynefjellsvegen. Der er det to nye på trappene, Gaularfjellsvegen og vegen Aurland - Lærdal. Bjørn Andresen frå Turistvegprosjektet i Statens Vegvesen vil ta føre seg korleis vi kan nytta statusen som nasjonal turistveg til utvikling - vegalangs. Åshild Kjelstad Seljesæter orienterer om Prosjekt for tilrettelegging og oppfylgjing, og korleis dei kan nytte at Gaularfjellsvegen får status som Nasjonal Turistveg for å få til næringsutvikling. Dei har også tilsett ny prosjektleiar som vil bli presentert på samlinga.
Bygdesamlinga er ei samling for alle som er engasjert i bygdeutvikling i heile fylket. Programmet inneheld mange spennande programpostar som kan skape nye idear og engasjement i bygdene, seier Oddveig Birkeland som arbeider saman med Fjordane Grendalag v/leiar Jarle Midttun om å arrangere Bygdesamlinga.