Historisk arkiv

Gardmilllom i Gudbrandsdalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruksdepartementet

Kvar sommar kan du reise Gardmillom i Gudbrandsdalen. 14 Gardar frå Gausdal i sør, om Dovre i nord - til Skjåk i vest inviterer heim til gards. (15.07.2004).

Gardmilllom i Gudbrandsdalen

Kvar sommar kan du reise Gardmillom i Gudbrandsdalen. 14 Gardar frå Gausdal i sør, om Dovre i nord - til Skjåk i vest inviterer dykk heim til gards i ei lang opplevingsveke, frå 16.-25. juli 2004.

Kultur, fest og gardsliv
For tredje sommar på rad byr arrangørane på god mat, kulturopplevingar, fest og moro gardmilllom i Gudbrandsdalen, kvar dag i over ei veke! Tradisjonelle dansar frå Gudbrandsdalen som gammaldans, springleik og halling står på programmet. I tre gamle gardstun, ein ny gard for kvar dag er det kurs og dans i stugguhus, på låver og tun. På verneverdige Kruke i Heidal er det kurs i tegning og måling i fem dagar.

Mat og smaksopplevingar
Gardmillom i Gudbrandsdalen byr mellom anna på tradisjonsbakst, seterkost, steinaldermat og festmat. Nytt for 2004 er at vi ønskjer å by fram ein spesialrett knytta til kvar plass, og laga med lokale råvarer.

Gardmillomveka i Gudbrandsdalen ønskjer velkomen til eit mangfald av kulturopplevingar i 14 unike gardsmiljø frå 16.-25. juli 2004.


15. juli 2004