Hovudmålet for mat- og landbrukspolitikken:
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Landbruksdepartementet
Brosjyre/veiledning | Dato: 07.10.2003
Hovudmålet for mat- og landbrukspolitikken:
Sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn med grunnlag i eit berekraftig, utviklingsorientert og marknadsbasert landbruk, som utnyttar potensialet for auka verdiskaping og som medverkar til levande bygder med høg produksjon av fellesgode.
Strategiske mål for mat- og landbrukspolitikken:
- Sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn
- Sikre god dyre- og plantehelse, eit etisk forsvarleg dyrehald og ein sunn matproduksjon
- Sikre ei berekraftig ressurs- og eigedomsforvaltning med eit sterkt jordvern, vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet
- Sikre ein marknadsbasert vare- og tenesteproduksjon gjennom effektiv og nyskapande utnytting og foredling i jordbruk og skogbruk og av bygdene sine samla føremoner og ressursar
- Utvikling av ny næringsverksemd og attraktive bustader i bygdene
- Sikre ei nasjonal matforsyning og eit aktivt landbruk over heile landet
- Utvikle ei reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart
- Sikre handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk innafor internasjonale avtalar og forhandlingar som til dømes WTO og EU/EØS
Strategiske mål for mat- og landbruksforvaltninga:
- Sikre ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i høve til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.
- Utvikle verkemiddel som forenklar tilhøva for næringsverksemd, stimulerar til levande bygder og busetjing og sikrar rettstryggleiken til den einskilde
Vidareutvikle mat- og landbruksforskinga som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering.
8. oktober 2003