Historisk arkiv

Jordbruk og miljø i 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Norsk jordbruk har heilt klart blitt meir miljøvennleg dei siste 10 åra, konkluderar SSB, men framleis tilføres det for mykje nitrogen til Nordsjøen. (25.11.2004)

Jordbruk og miljø i 2004

Jordbruk: Norsk jordbruk har heilt klart blitt meir miljøvennleg dei siste 10 åra, konkluderar Statistisk Sentralbyrå (SSB), men framleis tilføres det for mykje nitrogen til Nordsjøen. SSB la i dag fram rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2004.

Utfordringar
Det er framleis utfordringar for miljøvennleg jordbruk. Framleis tilføres det for mykje nitrogen til Nordsjøen, og viktige tiltak som endra jordarbeiding og dyrking av fangvekstar, har hatt ei negativ utvikling dei siste par åra. Ei anna utfordring for jordbruket er signala om at kulturlandskapet fleire stader gror att.

Lokalt ansvar
Utfordringane for å betre miljøsituasjonen i jordbruket og for å ta vare på kulturlandskapet er heilt forskjellige frå jorde til jorde, og mellom landsdelane. I løpet av 2003 skal derfor alle gardsbruk ha laga sin eigen miljøplan. I planen skal ein blant anna registrere miljømessige forhold knytt til jordbruksdrifta og plan for gjennomføring av tiltak der ein har avdekka manglande miljøomsyn.

Jordbruk: Åker. Foto: Ove Bergesen, Samfoto
Resultatkontroll jordbruk 2004 omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. Foto: Ove Bergesen, Samfoto

Miljøprogram
I åra som kjem vil kommunane og fylka få større ansvar for tildeling av ulike stønadsordningar for å redusere forureininga og for å ta vare på kulturlandskapet. Gjennom kommunale og regionale miljøprogram kan ein i større grad styre stønadane mot tiltak og område som er av stor verdi lokalt.


25. november 2004