Historisk arkiv

Dyr: Hesten som Helse- og sosialarbeider

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dyr: Den nasjonale interesseorganisasjonen ”Hest og Helse” vil i år arrangere sitt årsmøte og årlege fagsamling i Stavanger. (02.03.2005)

Dyr: Hesten som Helse- og sosialarbeider

Dyr: Hest. Foto: LMDDyr: Den nasjonale interesseorganisasjonen ”Hest og Helse” vil i år arrangere sitt årsmøte og årlege fagsamling i Stavanger. Det blir ope temamøte på kvelden 15. mars og dagskonferanse 16. mars for alle interesserte.

Arrangørar: Fylkesmannen i Rogaland, i samarbeid med Innovasjon Norge Rogaland, interesseorganisasjonane "Hest og Helse" og "Inn på Tunet - Rogaland".

Tid og stad: 15.- 16. mars d.å. på Hotell Alstor, Stavanger.

Målgruppe: Lærarar og spesialpedagogar, miljøterapeutar og andre helse- og sosialarbeidarar frå kommunane, fylkeskommunen og statlege etatar som kan vere interesserte i å bruke hesten som ”helse- og sosialarbeidar” samt garden som ein arena for læring, meistring og gode opplevingar.

Tilbydarar av hestetenester og bønder som driv med Grøn omsorg/Inn på tunet er den andre viktige hovudmålgruppa.