Historisk arkiv

Dyr: Hordaland satsar på småfe

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Dyr: Fylkesmannen i Hordaland satsar på småfehald gjennom fleire prosjekt. Beitelandskap og Nasjonalt pilotprosjekt i økologisk sauehald, er to av desse som saman med andre satsingar er kalla "Småfe +". (24.02.2005)

Dyr: Hordaland satsar på småfe

Dyr: Fylkesmannen i Hordaland satsar på småfehald gjennom fleire prosjekt. Beitelandskap og Nasjonalt pilotprosjekt i økologisk sauehald, er to av desse som saman med andre satsingar er kalla "Småfe +".

Eigenverdi i småfehaldet
Dyr. Sau på beite. Foto: LMD
Småfehaldet har ein stor eigenverdi i form av arbeidsplassar i Hordaland og at det vert produsert ei etterspurd vare. I tillegg har småfeet ei avgjerande rolle i skjøttinga av jordbrukslandskapet og fjellandskapet i fylket. Difor vil Fylkesmannen vidareføre arbeidet frå prosjekt Beitelandskap. Der målet er å betre utnyttinga av lokale beiteressursar, og halde oppe eit ope og variert kulturlandskap. Dette er også i samsvar med Regionalt miljøprogram for jordbruket i Hordaland.

Fylkesmannen har vidare teke initiativ til eit nytt prosjekt om samdrift i småfehaldet. Dette på bakgrunn av innføringa av krav om registrering i mva-registeret for å verte berettiga produksjonstilskot.

Dyr: Hordaland satsar med andre ord vidare på småfehald gjennom fleire prosjekt.