Historisk arkiv

Jordbruk: Færre husdyrbrukarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Ved årsskiftet 2004/2005 var det 38 400 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstilskott. Dette er 1 300 færre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 3 prosent, viser førebelse tal frå Statistisk Sentralbyrå. (02.06.2005)

Jordbruk: Færre husdyrbrukarar

Jordbruk: Ved årsskiftet 2004/2005 var det 38 400 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstilskott. Dette er 1 300 færre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 3 prosent, viser førebelse tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Nedgangen i talet på husdyrbrukarar frå 2004 til 2005 gjeld alle dei ulike dyreslaga. Størst prosentvis nedgang - 6 prosent - har det vore i talet på jordbruksbedrifter med verpehøner, medan talet på bruk med sau har gått ned med knapt 5 prosent.

I perioden 2000-2005 har talet på jordbruksbedrifter med mjølkeku gått ned med 4 000, frå 20 500 til 16 500, det vil seie at kvar femte mjølkeprodusent har avvikla i denne perioden.

Jordbruk
Driftseiningar med husdyr 1992 - 2005

Samstundes har talet på mjølkekyr gått ned frå 298 700 til 275 200. Ein gjennomsnittleg mjølkeprodusent hadde 14,6 mjølkekyr på båsen i 2000, mot 16,7 i 2005.


2. juni 2005