Historisk arkiv

Kulturlandskap: Pris til seterdrift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Dravlausstølen og Drotninghaugstølen er tildelt kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2005. Bakgrunnen er brukarane sitt verdfulle arbeid innan kulturlandskap og økologisk drift. (18.05.2005)

Kulturlandskap: Pris til seterdrift

Kulturlandskap: Dravlausstølen og Drotninghaugstølen i Sykkylven kommune er tildelt kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2005. Bakgrunnen for prisen er brukarane sitt verdfulle og haldningsskapande arbeid innan kulturlandskap og økologisk drift.

Økologisk drift
Gardbrukarane på dei to stølane, Nils Sigurd Drabløs, Odd Drabløs og Kjell Perry Drotninghaug, driv alle økologisk med ei hovudvekt på den gamle kurasane Vestlandsk Fjordfe og Vestlandsk Raudkolle. Dei er aktive i økomiljøet i bygda, og er engasjerte i å få meir økologisk kjøt på marknaden. Kyrne på setrane held landskapet ope i eit viktig rekreasjonsområde, og gardbrukarane let hytteeigarane og lokalbefolkninga få ta del i seterdrifta.

Kulturlandskap, Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kulturlandskap
: Dravlausstølen og Drotninghaugstølen drives økologisk, med hovudvekt på den gamle kurasane Vestlandsk Fjordfe og Vestlandsk Raudkolle.
Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Streif i kulturlandskapet
På landbruket si markering av unionsoppløysinga, ”Streif 2005”, kan alle få oppleve området kring Dravlausstølen og Dronninghaugstølen ved å delta i vandringar i kulturlandskapet, og smake på lokal mat.


18. mai 2005