Historisk arkiv

Landbruk: 1,5 dekar per rogalending

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: Matfylket Rogaland har 1,5 dekar matjord til kvar innbyggjar. Dyrka jord i aktiv drift i fylket er redusert med 2,4% på tre år, viser ei oversikt som Fylkesmannen har laga. (01.06.2005)

Landbruk: 1,5 dekar per rogalending

Landbruk: Matfylket Rogaland har 1,5 dekar matjord til kvar innbyggjar. Dyrka jord i aktiv drift i fylket er redusert med 2,4% på tre år, viser ei oversikt som Fylkesmannen har laga.

Det er ei litt stor bustadtomt av dyrka jord til kvar innbyggjar i Rogaland fylke. Kommunevis er variasjonane store. Bjerkreim kjem best ut med 9,4 dekar, medan Stavanger berre har 100 m2 til kvar av sine innbyggjarar.

Rogaland fylke har 586 000 dekar (mål) dyrka jord i aktiv drift. Seinast i 2002 var totalt areal dyrka jord 600 000 dekar, ein reduksjon på 2,4% siste 3 år . Fordelt på fylket sine 393 000 tobeinte innbyggjarar (1.01.2005), utgjer dette 1500 m2 per hovud, dvs. ei litt stor bustadtomt. Tala kjem fram av statistikken frå søknad om produksjonstilskot i jordbruket for 2004.

Landbruk, Steingjerde, Foto: Bård Løken, Samfoto
Landbruk: Steingjerde på Jæren,
Foto: Bård Løken, Samfoto


1. juni 2005