Historisk arkiv

Landbruk: Gardmillom i Gudbrandsdalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: 17 gardar i Gudbrandsdalen inviterer heim til gards frå 22.-31. juli 2005. Det blir mat og matkultur, konsertar, utstillingar, aktiviteter for ungane og fest i ei lang opplevingsveke. (20.07.2005)

Landbruk: Gardmillom i Gudbrandsdalen

Landbruk: 17 gardar i Gudbrandsdalen inviterer heim til gards frÅ 22.-31. juli 2005. Det blir mat og matkultur, konsertar, utstillingar, aktiviteter for ungane og fest i ei lang opplevingsveke.

Mat Gardmillom
Ein viktig del av det å gå Gardmillom er smaksopplevingane. Kvar gard har sitt eige tilbod. Nokon serverer kaffe og biteti, andre plassar kan du nyte ein betre middag med noko attåt.

Ungane Gardmillom
På fleire av gardane er det dyr som ungane kan få vera med å stelle og kose seg med. Fleire har og tilrettelagt for ungar med leikeplass og eigne arrangement. Fleire av gardane har overnattingstilbod. Å overnatte Gardmillom er ei oppleving i seg sjølv, og ved å overnatte Gardmillom kan du og få med deg fleire opplevingar.

Landbruk: I Gudbrandsdalen blir mat og matkultur, konsertar, utstillingar, aktiviteter for ungane og fest i ei lang opplevingsveke. Gå Gardmillom frå 22.-31. juli 2005.


20. juli 2005