Historisk arkiv

Mat: Ikkje grunn til uro for hormon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Mat: Fleire enn fire av ti nordmenn er uroleg for hormon i maten. Mattilsynet deler ikkje uroa. Gjennom ulike kontrollprogram har dei overvakt desse stoffa sidan midten av 80-talet utan å finne spor av dei. (20.05.2005)

Mat: Ikkje grunn til uro for hormon

Mat. Overvåking av fremmedstoffer gris. Foto: NorsvinMat: Fleire enn fire av ti nordmenn seier dei er uroleg for hormon og andre vekstframande stoff i maten syner ei undersøking MMI har utført for Mattilsynet.Mattilsynet deler ikkje uroa. Gjennom ulike kontrollprogram har dei overvakt desse stoffa sidan midten av 80-talet utan å finne spor av dei i maten.

20 år med kontroll
Overvaking av storfe og gris starta i 1985. I 1993 blei overvakinga utvida til også å gjelde småfe, fjørfe og rein. Kontroll av hormon i fisk blei innlemma i overvakinga i 1999. Føremålet med det noverande overvakingsprogrammet er å overvake innhaldet av forbodne stoff, lækjemiddel og forureina stoff i animalske næringsmiddel og medverke til å sikre at maten ikkje inneheld restar som kan vere helseskadelege. Etter 20 år med kontroll er det ikkje gjort funn av hormon og andre vekst framande stoff.

Mat: 43 prosent seier dei er særs eller ganske urolege for hormon og andre vekstframande stoff i maten. Gjennom ulike kontrollprogram har Mattilsynet overvakt desse stoffa sidan midten av 80-talet utan å finne spor av dei i maten.


20. mai 2005