Historisk arkiv

Økologisk på Molde jazzfestival

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Økologisk: Grøn mat til blå tonar. Under Molde Internasjonale Jazzfestival kan besøkande nyte økologisk mat til smektande jazztonar. (18.07.2005)

Økologisk på Molde jazzfestival

Økologisk: Grøn mat til blå tonar. Under Molde Internasjonale Jazzfestival kan besøkande nyte økologisk mat til smektande jazztonar.

Grøn profil
Dette er ein del av jazzfestivalen sin grøne profil og målsetjinga om å få miljøsertifisering. ”Grøn mat til blå tonar” som prosjektet er kalla, er eit 3-årig prosjekt med stønad frå Statens landbruksforvaltning.

Økologisk og miljøvennleg
Økologisk. Debios logoDette er eit spennande og viktig prosjekt , seier statssekretær Leif Helge Kongshaug i Landbruks- og matdepartementet. - Det betyr mykje at store kulturarrangement går føre på denne måten og vel ein økologisk og miljøvennleg profil. Jazzfestivalen i Molde si satsing vil føre til at økologisk mat når fram til eit publikum der ikkje alle har eit forhold til økologi, og på den måten vil marknaden for slike produkt sakte, men sikkert auke, seier Kongshaug.

Økologisk: På Molde Internasjonale Jazzfestival kan besøkande nyte økologisk mat til smektande jazztonar. Grøn mat til blå tonar er ein del av jazzfestivalen sin grøne profil.


18. juli 2005