Historisk arkiv

Skog: All you need is lauv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Skog: - Verdiskapinga frå dei norske skogane kan aukast med ein tredel dersom skogeigarane nyttar betre ut lauvtrevirket, sier landbruks- og matminister Lars Sponheim. (08.04.2005)

Skog: All you need is lauv

Skog: - Verdiskapinga frå dei norske skogane kan aukast med ein tredel dersom skogeigarane nyttar betre ut lauvtrevirket, sa landbruks- og matminister Lars Sponheim då han åpna utstillinga Vestfoldlauv i går.

Kvalitetsvirke
Sponheim viste til at det i dag blir importert lauvtrematerialar til Norge for om lag ½ milliard kroner. - Omsetnaden basert på norsk virke utgjer i dag lusne 5% av dette. Det rimer dårleg med at om lag ¼ av den produktive skogen er lauvtre, meinte han. - For kvalitetsvirke av lauvtre blir det betalt heilt andre prisar enn det vi er vane med for furu og gran, sa Sponheim, og viste til at beste pris for skurtømmer av eik er 1.470 kr pr. kbm. - Føresetnaden er at også lauvskogen blir stelt, slik at vi kan hente ut kvalitetsvirke frå denne, understreka landbruks- og matministeren.

Vestfoldlauv
Statsråd Sponheim stod for åpninga av utstillinga Vestfoldlauv , som fram til midt i juni står i Det Norske Skogselskap sitt Galleri Løvtre i Wergelandsveien 23B i Oslo. Utstillinga er åpen for alle interesserte. Åpningstidene følgjer kontortida, eller ta kontakt med Skogselskapet for særskilt avtale.

Vestfoldlauv er eit forum for verksemder i Vestfold som arbeider med lauvtre. Medlemmene har sin eigen logo av eit askeblad. Dei lagar naturlege og ekte lauvtreprodukt. Det kan vere frå dei finaste husflidsting til panel, heiltregolv, møblar og emnevirke til båtbygging og pynteting.

Vestfoldlauv har delteke på fleire utstillingar, og vart m.a. nominert til Beste utstillar på Norges største Kunst- og handverksmesse på Lillestrøm i 2003.

Skog
Skog: Ikkje heilt vanleg bruk av tre; Denne vaskeservanten laga i norsk ask, fanga landbruks- og matministeren si interesse. Den er laga av møbelsnekker Torbjørn Lian (t.h.). Foto: LMD

Skog: Alle you need is lauv, var det lett omskrevne Beatles-refrenget, då landbruks- og matminister Lars Sponheim åpna utstillinga Vestfoldlauv.