Skog: Vestfoldlauv på ny utstilling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.04.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Skog. Presseinvitasjon: Norske skogar er ikkje berre gran og furu. Det viser utstillinga Vestfoldlauv , som landbruks- og matminister Lars Sponheim åpnar den 7. april. (06.04.2005)
Skog: Vestfoldlauv på ny utstilling
Skog.Presseinvitasjon: Norske skogar er ikkje berre gran og furu. ¼ av det produktive skogarealet er lauvtre, og av dette kan det lagast det meste til hus og heim. Det viser utstillinga Vestfoldlauv , som landbruks- og matminister Lars Sponheim åpnar den 7. april. Her blir det vist panel, heiltregolv, ytterkledning, innbu og innreiing m.v. - alt laga av norsk bjørk, ask, bøk, alm, osp, or, lønn og eik.
Lei gran og furu
Mange er litt lei den trauste og tradisjonelle gran-
og furustilen, og ønskjer seg meir variert trebruk, gjerne frå
norske skogar. Norsk lauvtrebransje er i støtet, og kan levere
stadig nye produkt.
Stad: Wergelandsveien 23 B
Tid: Torsdag 7. april kl. 16.00.
Lauvtreprosjektet i Vestfold (LPV)
v/prosjektleder Trond Schmidt
Tlf. 901 22 130
Skog: Det kjem ikkje berre gran og furu frå norske skogar, men eit variert tilbud av produkt laga av norsk lauvtre.
6. april 2005