Historisk arkiv

Streif: 250 med langs Åkrafjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det var stor interesse for Streif 2005 som vart gjennomført 21. og 22. mai på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune. Om lag 250 personar deltok. (24.05.2005)

Streif: 250 med langs Åkrafjorden

Det var stor interesse for Streif 2005 som vart gjennomført 21. og 22. mai på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune. Om lag 250 personar deltok. Om lag 20 av desse overnatta frå laurdag til søndag på Eikemo. Turen gikk over Eikemo, Djuve, Eintveit og Bjelland, med båt og til fots.

Hovudarrangementet var på søndagen. Det var folk i nær sagt alle aldrar, frå 8 år og oppover. Båten måtte kjøre fleire gongar frå Viskjer til Djuve for at alle skulle bli med.

Elias Bjelland var lokal guide på turen, men både Svein Magne Djuve, Aslak Ytrenes og kona til Elias Bjelland fortalte historier. Stein Gunnar Sandvik spelte trekkspell. Elias Bjelland fortalte om sin barndom på Bjelland, og synte m.a. murane til den gamle skulebygningen der han gikk på skule.

Streif, Foto: Annbjørg Bue
Fra Streif langs Åkrafjorden i Etne kommune.
Foto: Annbjørg Bue, Etne Kommune

Det vart selt sodd, pompekaker, saft og kaffi på Eintveit. Før folk gikk om bord i båten på Bjellandsnes fekk dei sjå inn i landhandelen på Bjellandsnes, som Gisle Sellevold skal opne seinare i sommar.

Nordsida av Åkrafjorden er sørvendt og solrik og denne søndagen var det varmt og fint. Arrangør var Bergen turlag, Åkrafjorden grendelag, fylkesmannen i Hordaland og Etne kommune.

strek
24. mai 2005