Historisk arkiv

Streif i Eksingedalen i Vaksdal, Hordaland 19. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Streif gjennom dalføret Fagerdalen. 19. juni blir det Streif i Eksingedalen, eit omlag fem mil langt dalføre i Vaksdal kommune. (15.06.2005)

Streif i Eksingedalen i Vaksdal, Hordaland 19. juni

Streif gjennom dalføret Fagerdalen. 19. juni blir det Streif i Eksingedalen, eit omlag fem mil langt dalføre i Vaksdal kommune. Området har mange fine fossefall, og gravhaugar frå vikingtida som vitnar om at det har budd folk i dalen frå gamalt av. Turen vil starta ved Haugen Gard, og man følger elva innover dalen, ein tur som går i lett stigande terreng til Bjørkhaugen. Vegen går vidare tilHaugastølen. Her ligg stølen til Haugen, ein støl som vart bygd i 1946 og ny-opprusta i 2000-2001. Vegen tilbake leggjest om Lavikstølen.

Streif, Flatekvålstølen, Foto: Eksingedalen bygdaråd
Streif: Flatekvalstølen, Eksingedalen, Foto: Eksingedalen bygdaråd

Etter turen er det diska opp med tradisjonsmat på Grendahuset Ljosheim på Flatekval. Her vil det vera mogleg å kjøpa lokalprodusert mat og husflidsprodukt.

Turen er berekna til omlag to timar. Turen er lett - omlag 7 km - og veleigna for familer med born. Med oss på turen får ein fylje av hestar som er ridevante, så er det nokon som vil ha ein ”pause” på hesteryggen, er det mogelegheit for det.