Streif i Sæbø - vandring i kulturlandskapet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.04.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Streif: Gardane Tolleshaug, Olsvoll og Solheim fekk fylket sin kulturlandskapspris i 2003. Dette landskapet kan du verta kjend med 1. mai under Streif-vandringa. (28.04.2005)
Streif i Sæbø - vandring i kulturlandskapet
Streif: Gardane Tolleshaug, Olsvoll og Solheim fekk fylket sin kulturlandskapspris i 2003. Dette landskapet kan du verta kjend med 1. mai under Streif-vandringa.
Rikt på kulturminner |
|
Landskap prega av beitebruk
Dei fleste av dei om lag 10 gardsbruka her driv med sau, men det er og eit gardsbruk som har mjølkekyr. I det bølgjande landskapet, som er prega av beitebruk og generasjonar sitt slit for levebrødet, kan du finna ro og fred mellom sauer og nedbeita åsar. På den høgaste garden på Tjore held Tjore Gardsmat til. Her kan du også handla direkte frå garden m.a. kjøt og pølser som er foredla på garden.
Kulturkommune
Radøy kommune som bygda Sæbø er ein del av vart i 2004 kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Det at bygda Sæbø er med på den nasjonale markeringa Streif i samband med landbruket si hundreårsmarkering er folk i Radøy stolt og glad for. Å få eit engasjement omkring dei verdiane som ligg i det lokale kulturlandskapet må vera eit mål både på kort og lang sikt. 1. mai kan du streifa omkring i kulturlandskapet i Sæbø og smaka på alle godbitane som området har.